Rødven stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Rødven i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er truleg bygd rundt år 1300, men den eldste delen av kyrkja er frå 1100-talet. Kyrkja er mykje endra opp gjennom åra.

Kyrkja er sidan 1907 eigd av Fortidsminneforeninga og er museumskyrkje. Det vert halde ei gudsteneste i henne om året, det skjer på olsok.Om kyrkjene i Eid og Hen sokn på nettstaden til Grytten prestegjeld Like ved kyrkja vart det reist eit kapell i 1907, noverande Rødven kyrkje, som fungerer som brukskyrkje for bygda.

mini|venstre|Skordene som stør kyrkja opp utvendig på tre sider. Ein veit ikkje om dei har vore del av konstruksjonen heilt frå byrjinga eller om dei har vorte tilføygde seinare, men dei har vore der heile perioden ein har skriftelge skildringar av kyrkja. Denne typen stavkyrkje blir ofte kalla «Møretypen», og er kjenneteikna ved at dei har mellomstavar i ytterveggjene og tverrgåande bjelkar som bind stavlegjene saman. Attåt Rødven stavkyrkje er det berre Kvernes stavkyrkje ein har att av denne typen. Kyrkja har òg skorder som stør henne opp på utsida. Kyrkja er kledd med liggjande panel og taket er dekt med uglaserte takpanner. Skipet og koret er like breie, kring 6,4 meter, men taket på koret er noko lågare enn på skipet. Koret vart tidlegare smalare, kring 3,5 meter, men det er rive og nytt kor vart bygd med same breidde som skipet. Kyrkja har hatt svalegangar kring skipet og koret, men dei vart rivne på 1600-talet. Takryttaren måtte byggjast ny fordi vinden hadde teke den gamle.

Under ei arkeologisk utgraving i 1962–1963 blei det funne merke etter dei jordgravne stolpane til ei eldre stolpekyrkje på staden.

Kjelder Om Rødven stavkyrkje på nettstaden stavkirke.org «Rødven stavkirke» på nettstaden til Fortidsmeinneforeninga Faktaarket «Rødven stavkirke» frå Riksantikvarens stavkyrkjeprogram

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1300-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Rauma Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar