mini|240px|Bogebru i Firenze. mini|Svært enkel bjelkebru. mini|Nordhordlandsbrua, både flytebru og skråkabelbru Ei bru er ein konstruksjon laga for kryssing av til dømes elver eller juv. I nyare tid er det òg blitt vanleg å byggja bruer over smale havstykke, som sund eller fjordar. Bruer kan bli brukte for å letta trafikken, både ved fotgjengararbruer over vegar og jernbanespor eller bruer for tog eller vegtransport over ei anna ferdselsåre.

Å byggja bruer er ein kunst som ingeniørar har imponert med i tusenår. Romarane er kjende for å ha bygd bruer overalt der riket deira spreidde seg.

Brutypar mini|Lunde bru er ei tørrmura bogebru Det finst fleire typar bruer, frå enkle til svært innvikla.

bjelkebru er ganske enkelt ein tjukk bjelke brukt som bru. bogebru er forma som ein boge, og presset blir leia til fundamentet av brua. hengebru er ei bru som er forankra med kablar frå høge tårn på kvar side og kanskje undervegs på brua. skråkabelbru er òg forankra i høge tårn, men her står kablane i ei vifte ut frå tårna flytebru er ei bru som ligg på vatnet, halde oppe av si eiga oppdrift. Har gjerne pontongar for å få stor nok oppdrift. klopp er ei lita gangbru av stokkar eller stein vindebru utkragingsbru er ein variant av bjelkebru der spennet blir gjort kortare ved å mure utkraging frå begge sider slik at det dannar ein sterk «utkragingsbue»SNL: Bro lese på nett 27. mars 2013. mini|Døme på utkragingsteknikk i tørrmur, detalj av Horndøla bru frå 1810.

mini|none|400px|Golden Gate Bridge er ei hengebru.

Sjå òg Bruer i Noreg Bru - Ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke

Kjelder

Bakgrunnsstoff Norsk side for Bruer Oversyn over brutypar

Kategori:Bruer Kategori:Stadnamn