mini|upright|Fotografisk framstilling av depresjon.

Ei psykisk eller mental liding er ei form for liding eller sjukdom som ein først og fremst rammer medvit og åtferd og ikkje synleg den fysiske kroppen. Lidingane kan påverka oppførsel, veremåte og tankemønster (kognisjon og kjensler), og kan få stor verknad på korleis ein fungerer i dagleglivet og samfunnet. Forståinga av psykiske lidingar har utvikla seg over tid, og kan vera ulik i ulike kulturar. Psykiske lidingar har òg vore omtalt som sinnsforstyrringar og noko lausare som galskap eller mani.

upright|mini|Jesus driv ut demonane Legio. Illustrasjon frå mellomalderen. Ein kan mellom anna dela psykiske lidingar inn i dissosiasjonslidingar, stemningslidingar, angstlidingar, psykotiske lidingar, eteforstyrringar, utviklingsforstyrringar, personlegdomsforstyrringar og fleire andre kategoriar. Lidingane kan ha fleire årsaker, til dømes arv, fysiokjemiske, psykologiske eller sosiale tilhøve, som kan verka saman. Det finst fleire ulike behandlingsmåtar, der psykoterapi og psykiatrisk medisin er dei viktigaste innan moderne helsevesen. Innan tradisjonell og alternativ medisin har ein mellom anna brukt åndeutdriving eller «healing» som behandling, og i nokre høve sett på dei såkalla lidingane som ein gudegåve som kan brukast til vidare utvikling.

Sjå og også Kategorien Psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar Barnepsykiatri Hysteri Natteskrekk (søvnterror) Nervesamanbrot Nevrasteni Nevrose (nervøs liding) Panikk Psyke Psykiatri (psykisk helsevern) Psykisk utviklingshemming Psykofarmaka (antidepressive medikament) Traume Vrangførestilling Weltschmerz

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Psykisk lidelse» frå , og «Mental disorder» frå den 27. mai 2009.

«Kan psykose og schizofreni være noe annet enn hva mange tror?» ved jeg-er.no «Psykiater med tro på alternativ behandling» i GD.no

Bakgrunnsstoff Psykisk helse (Nettstad laga av Sosial- og helsedirektoratet) Emnebibliotek psykisk helse Folkehelseinstituttet om psykiske lidelser Rådet for psykisk helse Interesseorganisasjonen Mental Helse