mini|Émile Zola mini|Artikkelen «J'accuse» mini|Autografen til Zola mini|Portrett av Edouard Manet (1868) Émile Édouard Charles Antoine Zola () var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.

Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.

Biografi Zola starta utdanninga si i Aix-en-Provence, der far hans, ingeniør Francois Zola, ein italienar, var busett og døydde i 1847. Mora, som var fransk, flytta med sonen sin til Paris, der han 1858 starta på Lycée Saint-Louis. Han hadde planar om å verte advokat, men fall gjennom i eksamen 1859 og søkte arbeid som kontorist, men forlet plassen etter to månader. Han levde i mars 1860 til februar 1862 eit bohemliv til han fekk plass i Hachette & co:s forlagsbokhandel. Etter nokre år hadde han skrive vers som var meir som etterklangar (Musset m. fl.) og fann ikkje forleggjarar. 1864 fekk han likevel gjeve ut nokre dikt i L'académie des jeux floraux i Toulouse og same år kom debuten hans, novellesamlinga Contes à Ninon, naive små skildringar, satiriske eventyr, fantasiar, heilt ulikt hans seinare verk. Han skreiv så avisartiklar, spesielt kritikk av kunst og litteratur i Figaro og L'événement, som fekk merksemd av fagfolket og det interesserte Manet, den enno ukjende målaren, og dei realistiske tendensane. Dei samla seg i Mes haines, causeries littéraires et artistiques (1866), der mellom anna Mon solon finst.

Bibliografi

1867 - Thérèse Raquin 1871-1893 - Les Rougon-Macquart 1871 - La Fortune des Rougon 1872 - La Curée 1873 - Le Ventre de Paris 1875 - La Faute de l'Abbé Mouret 1876 - Son Excellence Eugène Rougon 1877 - L'Assommoir 1880 - Nana 1880 - Le Roman expérimental 1882 - Pot-bouille 1883 - Au Bonheur des dames 1885 - Germinal 1886 - L'Œuvre 1887 - La Terre 1891 - L'Argent 1892 - La Débâcle 1901 - Le garcon

Bakgrunnsstoff

J'accuse - på fransk - og omsett til engelsk Arbeidet til Zola

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Émile Zola» frå , den 31. mai 2009.

Kategori:Franske forfattarar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Folk frå Den tredje franske republikken