Haldor Larsen Børve () var ein norsk arkitekt frå Ullensvang i Hardanger.
mini|venstre|Dalen Hotel i sveitserstil. Oppført 1890-95. mini|venstre|Porsgrunn rådhus i nyrenessanse. Oppført 1904-05.
Børve vart utdanna i bygningsteknikk ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt 1877–80 og fullførte arkitektutdanninga si ved Polytechnische Schule i Hannover. Han etablerte eit eige arkitektkontor i Porsgrunn i 1889, og opparbeidde etter kvart ein stor praksis med bygging av ei lang rekkje kyrkjer, skular, sjukehus og andre private og offentlege bygg.
Som fleire arkitektar i generasjonen sin avspegla Børve dei ulike arkitekturstrøymingane rundt hundreårsskiftet i verka sine. Dalen Hotel (1890–95) er oppført i 1800-talets sveitserstil, Porsgrunn rådhus (1904–05) i nyrenessanse, medan han i ei rekkje kyrkjebygg både gjorde seg nytte av eit nasjonalt formspråk og av jugendstilen. Børve teikna òg Hardanger Folkehøgskule på Lofthus i 1915, bygget brann i 1937.
Børve døydde i Porsgrunn i 1933.
Kjelder Store Norske Leksikon om Børve; utdjuping. Forfattar: Trond Indahl. Generell artikkel om Børve
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Norske arkitektar Kategori:Haldor Børve