Karin Andersen () er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti som er kjend for innsatsen sin for kampen mot fattigdom og inkludering av ulike grupper i samfunnet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Hedmark fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 1989–1993. Andersen er busett i Hamar.Hvem er hvem?, s. 24–25.

Karin Andersen arbeidde som barnehageassistent frå 1977 til 1997, og studerte i vaksen alder samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø (1996) og Høgskolen i Lillehammer (1996–1997).

På Stortinget har ho vore medlem av Fullmaktskomiteen (1997–2001), Kommunalkomiteen (1997–2001 og 2001–2005), Valkomiteen (2001–2005), Den utvida utanrikskomiteen (2001–2005) og leiar av Arbeids- og sosialkomiteen (2005–2009). I perioden 2009–2013 er ho fyrste nestleiar i Arbeids- og sosialkomiteen. Frå 1999 til 2005 var Andersen parlamentarisk nestleiar i SV.

Andersen var fylkestingsmedlem frå 1987 til 1995, og fylkesvaraordførar i Hedmark i perioden 1991–1995. Ho var medlem av Kongsvinger kommunestyre frå 1983 til 1997, éin av periodane (1987–1991) var ho også formannskapsmedlem. Andre politiske verv ho har hatt er leiar av Hedmark SV (1986–1987) og medlem av hovudstyret (1985–1987), landsstyret (1985–1988 og 1995–1996) og sentralstyret (1995–1996) i SV.

Ho fekk Klar Tale-prisen i 1998, for å setje det vanskelege offentlege språket på dagsorden, og prisen Årets Fattigmann i 2008,«Karin Andersen Årets fattigmann» av Malin Kjellstadli Korsnes og Odd Sørås, NRK Møre og Romsdal (08.05.2008) for bidraget hennar til kampen mot fattigdom.

Kjelder Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Karin» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008) Biografi på Stortinget.no

Fotnotar

Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Folk frå Kongsvinger