Spellemannprisen 2001 vart delt ut i Oslo Spektrum fredag 1. mars 2002. Morten Abel kom til å bli den store vinnaren, med prisen for Årets spellemann og som vinnar av klassane «popsolist» og «årets låt». Röyksopp gjorde det også bra og vann prisen i den nye klassen «elektronika» og «årets musikkvideo». I tillegg til elektronika vart det for fyrste gong delt ut prisar i klassane «metal» og «blues».

I samband med Spellemannprisens 30-årsjubileum vart det også delt ut ein spesialpris kalla for «Tidenes norske hit» der Spellemannkomitéen nominerte 14 låtar frå den 30-årige historia til utdelinga. Vinnaren blei avgjort av publikum som på førehand kunne avgi stemma si gjennom telefon og internett. «Noen ganger er det all right» med Odd Børretzen og Lars Martin Myhre gjekk av med sigeren framfor «Take On Me» med a-ha og «Lys og varme» med Åge Aleksandersen.

Det var også 30., og førebels siste, gong NRK arrangerte utdelinga. Utdelinga blei leia av Bård Tufte Johansen og overført direkte på NRK1.

Vinnarar Klasse Artist Tittel Popsolist Morten Abel I'll Come Back And Love You Forever Popgruppe Savoy Reasons to stay indoors Rock Kaizers Orchestra Ompa til du dør Elektronika Röyksopp Melody A.M. Blues Bjørn Berge Stringmachine Metal Dimmu Borgir Puritanical Euphoric Misanthropia Hip-hop Klovner i kamp Bjølsen hospital Open klasse Anja Garbarek Smiling & Waving Folkemusikk/gammeldans Per Sæmund Bjørkum Berg og Vatn Danseorkester Scandinavia De aller beste live Jazz Urban Connection Urban Connection Klassisk musikk Rolf Lislevand Alfabeto Samtidsmusikk Peter Herresthal Arne Nordheim; Complete Violin Music Viser Halvdan Sivertsen Tvil, håp og kjærlighet Barneplate Uhu! (NRK Barn) Uhu! Årets musikkvideo Röyksopp «Eple» Årets nykomar Sondre Lerche Faces Down Årets låt Morten Abel «I'll Come Back And Love You Forever» Årets spellemann Morten Abel Tidenes norske hit Odd Børretzen & Lars Martin Myhre «Noen ganger er det all right»

Kjelder Nettstaden ifpi.no

Kategori:Spellemannprisen Kategori:2002 Kategori:Musikk i 2001 Kategori:Musikk i 2002