Bled (tysk Veldes) er ein by og ein kommune i den statistiske regionen Gorenjska i Slovenia. I 2006 blei Gorje skild ut frå Bled og oppretta som eigen kommune.

Bled er ein turistby ved Bledsjøen (på tysk Veldeser See, slovensk Blejsko jezero) i den nordvestlege delen av Slovenia, nokre få kilometer sør for grensa til Austerrike, og om lag 50 kilometer nordvest for hovudstaden Ljubljana.

Turismen starta for alvor med dei første badeanlegga i 1895.

Mariakyrkja Mariakyrkja ligg på ei lita øy ute i Bledsjøen.

Bledborga Bledborga røyser seg 139 m over Bledsjøen på den nordlege sida av sjøen. Borga skriv seg frå mellomalderen, og har blitt ombygd etter jordskjelv i 1511 og 1690. Den vart restaurert mellom 1951 og 1961. Her er no museum og restaurant.

Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Bled 5 252 5 181 5 181 963 1 032 1 065 589 611 662 540 546 557 222 234 225 Kommunen Bled 10 899 8 122 8 217

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad for Bled, vitja 11. juni 2009

Merknader

Kjelder Denne artikkelen bygger dels på «Bled» frå , den 10. juni 2009.

Referansar

Kategori:Byar i Slovenia Kategori:Kommunar i Gorenjska statistiske region Kategori:Busetnader i Gorenjska statistiske region