Raudøya landskapsvernområde er eit landskapsvernområde med plantelivsfreding. Området omfattar mesteparten av Raudøya i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Området blei oppretta ved kongeleg resolusjon 13. oktober 2000. Landskapsvernområdet omfattar 371 daa og er oppretta for å verne eit kultur- og naturlandskap med kristtorn. Området har ein stor og vital førekomst av kristtorn.

Resten av Raudøya vart same dag verna som Raudøya naturreservat.

Bakgrunnsstoff Verneforskrifta for Raudøya landskapsvernområde hos Lovdata

Kategori:Verneområde i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Ørsta Kategori:Landskapsvernområde i Noreg