mini|Byste av Giosuè Carducci ved biblioteket i Verona. Giosuè Carducci () var ein italiensk forfattar, av mange rekna som nasjonalskalden til det moderne Italia, og den første italienaren som fekk Nobelprisen i litteratur i 1906. Medan Carducci er best kjend for dikta sine, skreiv han også prosa, og omsette fleire store verk.
Carducci vart fødd i Valdicastello i den italienske småbyen Pietrasanta nordvest i Toscana. Faren var lege og medlem i den hemmelege Carbonari-rørsla, og familien måtte flytta fleire gonger av politiske grunnar. I 1849 slo familien seg ned i nær Firenze. Kommunen Castagneto, der Carducci budde, fekk seinare namnet Castagneto Carducci til ære for han.
Carducci tok doktorgraden ved Scuola Normale Superiore di Pisa i 1856 og arbeidde som lærar og førelesar, mellom anna som professor i italiensk ved universitetet i Bologna. Han var ein mykje likt førelesar, og var kjend som ein sterk kritikar av litteratur og samfunn. Han var imot kristendommen, særleg den sterke verdslege makta til den katolske kyrkja.
I 1859 gifta Carducci seg med kusina Elvira Menicucci. Dei fekk fem barn saman, ein son døydde få dagar gammal.
I 1890 blei han utnemnd til senator i kongeriket Italia.
Verk Carducci hadde stor interesse for antikk gresk og romersk kultur. Som ung omsette han ein del av Iliaden til italiensk. Seinare brukte han gjerne klassiske verseformer lik Horats og Vergil og ein enkel, «klassisk» stil i dikta sine.
Protestdiktet «Inno a Satana», 'Hymne til Satan', vart eit revolusjonært og inspirerande dikt i 1860-åra, då den italienske republikanske rørsla pressa på for å enda Vatikanet sitt styre over Pavestatane. Medan diktet fekk stor utbreiing og innverknad, finn ein dei viktigaste dikta hans i dei seinare samlingane Rime Nuove og Odi Barbare.
Carducci omsette mykje frå fransk og tysk, mellom anna verk av Goethe og Heine.
Verkliste 1863 - Inno a Satana 1866-1867 - Della varia fortuna di Dante 1867 - Idillio maremmano 1868 - Levia Gravia 1868 - Dello svolgimento della letteratura nazionale 1871 - Pianto antico 1871 - Poesie 1872 - Primavere elleniche 1873 - Nuove poesie di Enotrio Romano 1874 - Davanti a San Guido og Nostalgia 1875 - Faida di comune, Tedio invernale, Alla stazione in una mattina d'autunno, Mors - nell'epidemia difterica 1876 - Alle fonti del Clitumno 1877 - Odi barbare 1878 - Alla regina d'Italia 1880 - Sogno d'estate 1881 - Nevicata 1882 - Nuove odi barbare, Giambi ed epodi, Confessioni e battaglie 1883 - San Martino, Visione, Ça ira 1885 - Il comune rustico 1887 - Rime nuove 1888 - Jaufré Rudel 1889 - Terze odi barbare 1890 - Piemonte 1892 - Storia del giorno di Giuseppe Parini 1893 - Odi barbare 1899 - Rime e ritmi 1902 - Dello svolgimento dell'ode in Italia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giosuè Carducci» frå , og «Giosuè Carducci» frå den 14. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske forfattarar Kategori:Italienske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Italienskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Toscana