Geitastrand kyrkje står på garden Åstan på Geitastrand i Orkland kommune i Trøndelag fylke, og er ei langkyrkje frå 1859.

Kyrkja er bygd i tre, og teikningane til bygget er truleg laga av Christian Heinrich Grosch.

Før dei fekk Geitastrand kyrkje sokna folk i området til kyrkja på Viggja. Då Viggja-kyrkja var vorten for lita vart det bygde nye kyrkjer i Børsa (Børsa kyrkje 1857) og på Geitastrand. Ein del inventar vart flytt over frå Viggja-kyrkja til Geitastrand, mellom anna altertavla frå 1712 og eit dåpsfat i messing frå kring 1700. Også kyrkjespiret vart flytt frå Viggja.

Kyrkja er soknekyrkje i Geitastrand kyrkjesokn i Orkdal prosti.

Inventar Altertavle Altertavla er i frå 1712 og er i barokkstil. Ho har krossfestinga som motiv. Tavla stod opphavleg i Viggen kyrkje.

Døypefont Dåpsfatet en er frå kring 1700 og er i hamra messing.

Kyrkjeklokke Det er ei klokke i kyrkja, ho er frå 1859.

Referansar

Bakgrunnsstoff Orkland kyrkjelege fellesråd

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Sør-Trøndelag

Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Orkland Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1859 Kategori:Kulturminne i Orkland