Liv Bernhoft Osa () er ein norsk skodespelar frå Voss. Ho er dotter til Sigbjørn Bernhoft Osa.
Karriere
Liv Bernhoft Osa har vore tilknytt Nationaltheatret frå 1979. Ho har også jobba for Det Norske Teatret og Torshovteateret. Av dei mest kjende teaterrollene hennar er Eleonora i Påske av August Strindberg, Regine i Gjengangere og Kaja i Byggmester Solness, begge av Henrik Ibsen, Sofja i Onkel Vanja av Anton Tsjekhov og Andromake i Trojanerinner av Evripides. Ho har også spelt i fleire filmar og er ein mykje nytta opplesar av lydbøker. Ho har lese inn bøker av m.a. Toni Morrison og Tarjei Vesaas for Lydbokforlaget.
I 2011 fekk Liv Bernhoft Osa Heddaprisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fru Fåttnok i stykket USKYLD.
Filmar
1983: Hockeyfeber .... Vera 1984: Snart 17 .... Ekspeditrise 1994: Trollsyn .... Mor 1998: Madeline (amerikansk) 2004: Uno .... Mona 2007: Svein og Rotta og UFO-mysteriet .... Dora
Fjernsynsseriar
1977: Lykkespill....Unge Wenche Foss 1987: Pilen flyttebyrå .... Anita 1990: Den svarta cirkeln (svensk) 1991: Fedrelandet .... Rakel 1994: Vestavind .... Emma Engan Nedrebø 1996: Familiesagaen de syv søstre .... Charlotte Zimmermann 2002: Tiden før Tim .... Ninas mor 2002: Jul på Månetoppen .... Nissemamma
Kortfilm
2000: Fly
Kjelder
Denne artikkelen er basert på Wikipedia sin artikkel om Liv Bernhoft Osa på bokmål. Liv Bernhoft Osa på The Internet Movie Database Store Norske Leksikon om Liv Bernhoft Osa
Osa, Liv Bernhoft Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Folk frå Voss