Augusta Sofie Hermine Bernhoft Osa () var ein norsk forfattar, særleg av barnebøker, fødd i Eigersund.

Hermine Bernhoft Osa var dotter til ein kateket og prest. Ho voks opp fleire stader, mellom anna i Porsgrunn og Kristiania. Frå 1887 skreiv ho minst fem barnebøker, nokre av dei kom i fleire opplag. Ho var gift med kunstmålaren Lars Osa og var mor til spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa, som vart fødd i Ulvik i 1910. I fleire periodar budde familien i Valle i Setesdal, der Lars Osa måla. Dei slo til sist ned på Voss.

Bibliografi Fra barnets verden - fortælling for smaafolk, 1887, nytt opplag 1902 og 1917 Smaatraak, 1889, nytt opplag 1903 og 1915 Mere fra barnets verden, 1890 Den, som liden er - fortællinger for børn og børnevenner 1892, nytt opplag 1916 Stua fuld og andre fortællinger 1892, nytt opplag 1902

Kjelder Kyrkje- og klokkarbøker for Eigersund og Voss Folketeljingane 1865, 1875, 1885, 1900 og 1910

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Folk frå Eigersund Kategori:Folk frå Voss