Sissel Kyrkjebø () er ein norsk songar. I Noreg er ho kjend for ei rekkje plateutgjevingar og konsertar frå midten av 1980-talet og framover.

Virke Kyrkjebø vart introdusert for Rune Larsen i 1983. Larsen tilbaud henne platekontrakt og vart Kyrkjebø sin fyrste manager. Ho gav ut dei tre fyrste cd-ane sine, Sissel, Glade jul og Soria Moria på plateselskapet Noah, Larsen sitt selskap. Glade jul vart ein enorm salssuksess. Plata sette ny norsk rekord med meir enn 500 000 selde eksemplar. Under finalen i Eurovision Song Contest 1986 i Bergen song ho «Utsikt fra Ulrikken» som pauseinnslag i Grieghallen i Bergen.

Internasjonalt er ho mest kjend for å ha sunge OL-hymnen under OL på Lillehammer, duettar med Plácido Domingo, julekonsertar i Wien og Moskva og for å ha medverka til musikken til filmen Titanic. Ho har også sunge duett med Espen Lind, og samarbeidd med hip-hopparen Warren G. Ho har også samarbeidd mykje med Odd Nordstoga.

Kyrkjebø spelte stemma til Ariel, i den norske og svenske versjonen av The Little Mermaid, og stod bak songstemma til Ariel i den danske versjonen.

Prisar og utmerkingar Sissel Kyrkjebø vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden den 2. februar 2006. Under Spellemannsprisen i 1986 vart ho Årets spellemann, og i 2006 fekk ho juryen sin heiderspris. I 2011 vann ho Gammleng-prisen i open klasse.

Privatliv Kyrkjebø vart gift med danske Eddie Skoller i 1993, og budde lenge i Danmark med han. I 2004 vart dei separerte.

Diskografi

Sissel (Noah, 1986) Glade jul (Noah, 1987) Soria Moria (Noah, 1989) Den lille havfruen (Walt Disney Records, 1989) norsk soundtrack Gift Of Love (Stageway, 1992) Innerst i sjelen (Mercury, 1994) Deep Within My Soul (Polygram USA, 1995) Christmas In Vienna III (Sony Classical Austerrike, 1995) m/Placido Domingo og Charles Aznavour Titanic: Music From The Motion Picture (Sony Classics USA, 1997) original soundtrack Fire In Your Heart The Best Of Sissel (Mercury, 1998) samleplate Back To Titanic (Sony Classics USA, 1998) original soundtrack Vestland, Vestland (Japan, 1999) All Good Things (Mercury, 2000) The Best Of Sissel (Universal Japan, 2000) Sissel In Symphony (Mercury, 2001) Sissel In Concert: All Good Things (Decca USA, 2002) My Heart (Decca, 2003) Nordisk vinternatt (2005) Into Paradise (2006) De beste, 1986-2006 (2006) Northern Lights (USA, 2007) Strålande jul med Odd Nordstoga (2009) Til deg (2010)

Kjelder

Ballade om Sissel Kyrkjebø Utdjupande artikkel av Tonje Mehren. Offisiell heimeside

Denne artikkelen bygger på «Sissel Kyrkjebø» frå , den 24. september 2011.

Kategori:Norske songarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Musikarar frå Bergen Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Allsang på grensen Kategori:Eurovision Song Contest 1986