mini|Jerry Fodor (1935–) i 2007. Teorien om modularitet i psykologien går ut på at det i sinnet finst ein del medfødde evner som òg blir kalla mentale organ. Desse organa eller modulane er predisponerte til å utføre særskilde oppgåver. Teorien blei sett fram av den amerikanske filosofen Jerry Fodor (1935–) i boka The Modularity of Mind (1983),Jerry Fodor 1983. The Modularity of Mind. Cambridge, MA: MIT Press. der modulane blir tillagde mellom anna desse eigenskapane: Dei er domene-spesifikke. Dei reagerer berre på inndata av særskilde typar. Dei er medfødde, og blir ikkje danna gjennom læring. Dei er usamansette. Dei er ikkje oppbygde av meir elementære prosessar. Dei er «hardwired». Dei assosierte med spesifikke, lokaliserte, komplekse nevrale system. Med ein datamaskin-metafor kan ein seie at modulane er ein del av maskinvaren (engelsk hardware), ikkje av programvaren (engelsk software). Dei er autonome. Dei er uavhengige av andre modular.

Fotnotar

Kategori:Psykologi