«Magic Bus» er ein song av The Who frå 1968. Han er ein av dei mest populære songane til bandet og har vore eit fast innslag på konsertane deira. Songen vart skriven av Pete Townshend rundt My Generation, men vart ikkje gjeven ut før samlealbumet Magic Bus: The Who on Tour. Songen nådde 26. plass på den britiske singellista og 25. plass i USA.Who Discography av Ed Hanel, inkludert i heftet til boksen Thirty Years of Maximum R&B
I store delar av songen vert det nytta claves.
Bakgrunn Songen vert vanlegvis framført som ein duett, der «passasjeren» tar bussen kvar dag for å vitje jenta si. I songen ber han «sjåføren» om han kan kjøpe bussen frå han, og sjåføren svarar først nei. Etter å ha pruta ei stund gjev til slutt sjåføren frå seg bussen og lover å køyre han heim til kjærasten kvar dag.
Konsertframføringar Songen vart først framført i 1968 og var eit fast innslag på konsertane til The Who frå 1971 til 1976. Frå 1979 vart songen spelt sjeldnare. Konsertutgåvene av songen er ofte ein lang improvisasjon som er mykje lenger enn originalutgåva.
Ein av dei mest kjende framføringane finst på Live at Leeds. Denne utgåva er nesten åtte minuttar lang med Roger Daltrey på munnspel, Townshend på eit funky Bo Diddley-riff og med Keith Moon på trommer. John Entwistle fortalte på DVD-en 30 Years of Maximum R&B at han alltid mislikte å spele songen, fordi han berre spelar på den same noten gjennom heile songen.
Salslister
Vekeslister Liste (1968)PlasseringCanada RPM6New Zealand (Listener)13Storbritannia26U.S. Billboard Hot 10025U.S. Cash Box Top 100 10
Årslister Liste (1968)PlasseringCanada75U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)186U.S. Cash Box84
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magic Bus (song)» frå , den 28. juni 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Who-songar Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Songar om bussar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Decca Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kit Lambert