Gáisi valkrins (nordsamisk Gáiseguovllu válgabiire, bokmål Gáisi valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen vert også kalla valkrins 4. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2547 personar som var registrerte i manntalet i området.

Krinsen femner kommunane Kåfjord, Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa i Troms fylke.

I 2009 vart det vald inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Gáisi valkrins tilsvarar dei tidlegare krinsane Midt-Troms valkrins og Nord-Troms valkrins, utom kommunane Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen som no høyrer til Nordre valkrins, med tillegg av Sørreisa kommune som tidlegare høyrde til Sør-Troms valkrins.Sametingsvalget 2009: «4. Gáiseguovllu válgabiire/Gáisi valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Gáisi valkrins Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.

Árja Arbeidarpartiet Framstegspartiet Jiehkkevárri Høgre Nordkalottfolket Norske Samers Riksforbund Samenes Folkeforbund Senterpartiet Šiella

Referansar

Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa

Kategori:Sametingsval Kategori:Troms fylke Kategori:Valkrinsar i Noreg