Rjukandefossen er ein foss i Henjadalen i Sogndal kommune i Vestland. Den ligg omtrent 300 meter heimom Flotande. Rukandefossen vil bli sterkt berørt om Sognekraft får konsesjon til å byggje Leikanger kraftverk.
Rukandefossen er ein av dei største fossane med fritt fall i Henjadalen. Ein foss i Reisetao har høgre fall, men er mykje mindre og har lågare vassføring. Ein foss ved Sygna ullvarefabrikk er den største fossen i vassdraget, men har ikkje fritt fall.
Kategori:Fossar i Vestland Kategori:Geografi i Sogndal Kategori:Leikanger