mini|upright|Omvandring av tempelet Wat Khung Taphao nord i Thailand under asalapodja. Asalapodja eller dhamma-dagenHøgtida kan også kallast dhammacakka-dagen eller asalhapodja. Engelske skrivemåtar av «podja» kan vera puja og pooja. er ei theravada-buddhistisk høgtid til minne om Buddha si første preike om den gylne middelvegen. Preika skal ha vore halden i parken Sarnath i Varanasi, og markerer byrjinga på sanghaen, den buddhistiske «samlinga» eller «samfunnet» av asketar eller truande. Dagen kan markerast ved å gje offer i buddhisttempel og høyra preiker.

Asalapodja fell på den femtande dagen for den veksande månen i den åttande månaden. I vestleg tidsrekning vil dette ofte vera i juli. Dagen er ein uposatha, kviledag. I Thailand er han ein offentleg høgtidsdag.

Dagen etter asalapodja tek tilbaketrekkingstida vassa til.

Kjelder Roger Whiting, Religions for today. Nelson Thornes, 1991 Denne artikkelen bygger på «Asalapuja» frå , den 6. juli 2009.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Buddhistiske høgtider