Erik Amundsson Frostad () var ein treskjerar og klokkar, opphavleg frå Nord-Fron i Oppland. Han var først skulehaldar 20 år i Kvam i Oppland, ei tid underklokkar og. Frostad var treskjerar attåt, mellom anna skar han ut ein av englane under korbogen i Kvam kyrkje. I Kvam budde han på bruket Klomstadøyen, som heilt vart teken ut av Storofsen i 1789, seinare brukte han garden Frostad i fire år. I april 1794 kom han som klokkar til Stange i Hedmark, ei stilling han røkta mest livet ut. Han budde på klokkargarden Vestre Hommerstad.

Kjelder Ivar Kleiven:Fronsbygdin. 1930. Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952. Stange bygdebok.

Kategori:Norske treskjerarar