Huey Pierce Long, Jr. () var ein USA-amerikansk politikar frå Louisiana. Long var guvernør i Louisiana frå 1928 til 1932 og senator frå 1932 til 1935. Han var demokrat, kjent for sin radikale, populistiske politikk. Long støtta Franklin D. Roosevelt ved presidentvalet i 1932, men trekte støtta til president Roosevelt i juni 1933.
Huey Long var svært populær i Louisiana for sitt sosiale reformprogram og viljen til kraftfull handling. Motstandarane skulda han for diktatoriske tendensar. 8. september 1935 vart han skadeskoten i delstatsparlamentet i Baton Rouge. To dagar seinare døydde han. Dei siste orda han ytra skal ha vore: «Gud, ikkje lat meg døy, eg har så mykje eg skulle gjort.»
Tidlege år mini|upright|Registrasjonskort for Long under første verdskrigen. Long kom til verda i Winnfield, eit jordbrukssamfunn omtrent midt i delstaten Louisiana. Her dreiv faren ein gard, familien vart rekna som middelklasse. Long gjekk på lokale skular, han var ein dyktig elev. Etter skuletida dreiv han i fire år som omreisande seljar. Han selde bøker, patentmedisinar, hermetikkvarer og tok oppdrag som auksjonarius.
I 1913 gifta Long seg med stenografen Rose McCannell. Han studerte jus ei kort tid ved eit universitet i Oklahoma, før han heldt fram jusstudiane ved Tulane University Law School i New Orleans. I 1915 overtala han eksamensstyret å late han, etter berre eitt år, gå opp til sakførareksamen. Han stod, og opna deretter praksis i Winnfield og sidan i Shreveport. I mange saker representerte han «små» saksøkarar i tvistar med store forretningsselskap.
Long vart berømt etter å ha saksøkt det mektige Standard Oil Company for regelstridig forretningspraksis. Også seinare heldt Long fram med å utfordre Standard Oil, han påklaga selskapet for å ha utbytta staten Louisiana og statens enorme olje- og gassressursar.
Politisk aktiv Etter ein omfattande valkampanje vart Long i 1918 vald inn i Louisiana Railroad Commission på eit program mot Standard Oil. Plassen sin i kommisjonen brukte han til å forsterke oppfattinga om at han var ein motstandar av store oljeselskap og andre store næringslivsselskap. Som formann av kommisjonen (som hadde bytt namn til Louisiana Public Service Commission) i 1922 vann han ei rettssak mot Cumberland Telephone Company for urettvis auke i prisane (ratane). Telefonselskapet måtte tilbakebetale overtrekk til 80 000 kundar.
Long deltok i guvernørvalet i Louisiana i 1924, men fekk berre tredje flest stemmer.
1928-valet Fram til valet på guvernør i 1928 bygde Long ut sin politiske organisasjon, mellom anna ved å støtte katolske, politiske kandidatar. Han gjekk til val på slagordet «Every man a king, but no one wears a crown», ein frase etter ei utsegn av William Jennings Bryan. Longs angrep på selskapa som leverte nyttetenester (vatn, telefon o.l.) og selskap med privilegium vart svært populære.
Long reiste på kryss og tvers i den fattige staten, der eit fleirtal ikkje hadde råd til lesebøker som borna trong for å gå i skule. Han angreip det politiske establishment i New Orleans, kjent som Old Regulars. Old Regulars kontrollerte heile staten gjennom alliansar med sheriffar og andre lokale politiske leiarar. Long føreslo utbygging av offentlege tenester, noko den tradisjonelle leiarskapen ikkje hadde brydd seg mykje med.
mini|State av Long ved Capitol i Baton Rouge i Louisiana. Long vann valet i 1928 med den største margin i historia til delstaten Louisiana, 126 842 stemmer (43,9 %) mot 81 747 for Riley J. Wilson og 80 326 for Oramel H. Simpson. Long vann ved å løyse ut avskya louisianarar på landet hadde overfor eliten, og ved å gje dei håp om ei betre framtid. Han bygde bru over det tradisjonelle skiljet i staten mellom nord og sør, protestant og katolikk. I staden fekk ein eit skisma mellom fattige gardbrukarar og rike plantasjeeigarar og forretningsmenn.
Guvernør Straks Long tok til i stillinga som guvernør starta han arbeidet med å styrke makta si. Han sparka fleire hundre offentleg tilsette på alle nivå, både i statsbyråkratiet og ned til statstilsette jarnbanearbeidarar. I samsvar med praksis fylte han dei ledige stillingane med politiske støttespelarar. Det vart forventa at alle som arbeidde i staten si teneste skulle betale ein liten del av løna til eit fond («ei politisk krigsbrynje») kontrollert av guvernøren.
Då Long hadde styrkt makta si over statsapparatet, sende han ei rekke lovforslag basert på valprogrammet til vedtak i delstatsforsamlinga. Mellom dei lovene som vart vedtekne i 1929-sesjonen var gratis lesebøker til alle skuleborn, og kveldskurs for vaksne analfabetar.
Ei storstilt utbygging av vegar, bruer, sjukehus og utdanningsinstitusjonar i offentleg regi tok til. Long trassa sterk motstand og var pågåande for å sikre gjennomføring av tiltak han var for. Utan førevarsel møtte han opp både i representanthuset, delstatssenatet og i representanthusets komitear, kringsette uvillige representantar og bølla med motstandarane. Taktikken var ny, men gav resultat. Ved å gjennomføre sitt valprogram fekk Long ein heltestatus hos den fattige landbefolkninga.
Statsrettssak I 1929 kalla Long både representanthuset og senatet inn til ein ekstra sesjon for å vedta ei avgift på fem cent på kvart fat raffinert olje. Inntektene skulle gå til å finansiere dei sosiale programma som Long stod bak. Oljenæringa var sterkt imot. Longs motstandarar i den lovgjevande forsamlinga svara med å krevje Long fjerna («impeachment») frå embetet. Dei skulda han mellom anna for blasfemi, korrupsjon, bruk av mutar og misbruk av statsmidlar. Long prøvde å få avslutta sesjonen, men lukkast ikkje.
Fleire av klagene fann representanthuset grunn til å sende til handsaming i senatet. Long bringa saka ut til folket, sende trykksaker og reiste sjølv rundt på talarferder. Her hevda han at statsrettssaka var eit forsøk frå Standard Oil og andre storselskap for å hindre at dei sosiale programma skulle iverksetjast. Då rettssaka tok til i senatet, la Long fram eit dokument underteikna av meir enn ein tredel av delstatssenatorane. I dette skrivet («Round Robin») uttala desse at dei uavhengig av prov ville svare «ikkje skuldig», skuldingane mot Long var ukonstitusjonelle og ikkje av ein art som kravde fjerning frå embetet. Ettersom dom ikkje kunne oppnåast, gav motstandarane opp vidare handsaming.
Etter statsrettssaka fjerna Long også slektningar av motstandarar frå stillingar i delstaten. Føre val gav han open støtte til kandidatar som kjempa mot hans eigne motstandarar. Sidan avisene i staten vart finansiert av opposisjonen, grunnla Long i mars 1930 avisa Louisiana Progress. Denne nytta han til å kringkaste framgangar og å underkjenne fiendane sine. Long mottok dødstruslar etter statsretts-saka. Han tok truslane på alvor, omgav seg alltid med væpna livvakter.
1930-sesjonen og senatsval Long mislukkast i 1930 å få støtte hos delstatsforsamlinga til nye, store tiltak i offentleg regi. Han svara med å gjere kjent at han ville søke å verte vald til senator for det demokratiske partiet. Han framstilte valet som ei folkeavstemming over programmet sitt; vann han valet ville han sjå det som folkets støtte til sine program i kampen mot den lovgjevande forsamlinga i Louisiana. Tapte han valet, lova han å gå av. Long vann valet til det føderale senatet med vel 57 % av stemmene bak seg. Han tok ikkje sete ved senatet i Washington, men heldt fram som guvernør.
1930-32 Med solid veljarstøtte vende Long tilbake til sitt offensive program. Med sine gamle motstandarar Old Regulars inngjekk han ei rekke avtalar. Med deira støtte fekk han innført ei bensinavgift, og sett i gang ei rekke byggeprosjekt. Mellom desse var bygginga av ny delstatsforsamling («Capitol», den høgste bygningen i sørstatane i si tid), mange universitetsbygg, nye vegar og bru over Mississippi og flyplass for New Orleans.
Long var ein sterk støttespelar for Louisiana State University, fekk auka talet på studentar frå 1 600 til 4 000. Stipend til fattige studentar fekk han oppretta, og greip inn og valde ny leiar for universitetet.
I oktober 1931 hevda viseguvernøren Paul N. Cyr at Long ikkje lengre kunne vere guvernør, og erklærte at han sjølv var den lovlege guvernøren. Long kalla ut nasjonalgarden og kringsette delstatsforsamlinga. Etter ei sak i Louisianas høgsterett vart Cyr avsett frå stillinga som viseguvernør.
Long valde barndomsvennen Oscar K. Allen til å etterfølgje seg i embetet som guvernør. Allen vann guvernørvalet med stor margin. Long gjekk då i januar 1932 av som guvernør og tok plass i senatet.
Senator 1932-35 I senatet heldt Long glødande innlegg der han fordømde oppsamlinga av rikdom hos nokre få. Han kritiserte leiarane i begge dei store partia for mangelfulle tiltak mot den økonomiske krisa (thr Great Depression). Særleg gjekk han til åtak på demokratane sin leiar, Joseph Robinson, for å stå for nær president Herbert Hoover.
Før presidentvalet i 1932 annonserte Long at han støtta Franklin D. Roosevelt sitt kandidatur. Han meinte Roosevelt var den einaste av kandidatane som var villig til kraftig å omfordele rikdom, noko Long meinte måtte til for å få slutt på depresjonen. På demokratane sitt landsmøte spela Long ei viktig rolle i å halde vaklande delstatsdelegasjonar på Roosevelt si side.
Long kasta seg deretter inn i kampen for å få vald Hattie Caraway frå Arkansas inn i senatet. Han la ut på ein sjudagars kvervelvind av ei talarferd i Arkansas. Uventa vann Caraway over den kandidaten senator Robinson hadde støtta. Caraway vart dermed fyrste kvinna som vart vald inn i senatet i USA.
Straks etter presidentvalet braut Long med Roosevelt. Han vart klar over at Roosevelt ikkje ville gå inn for ei omfordeling av landets rikdom. Long vart ein av få nasjonale politikarar som frå venstre tala mot Roosevelts New Deal-politikk. Han fann presidentens politikk utilstrekkeleg, men stemte for ein del av forslaga. Han opponerte mot National Recovery Act og kalla lova for billegsal til storkapitalen.
President Roosevelt såg på Long som ein radikal demagog. For å svekke Longs politiske styrke, utelét Roosevelt i juni 1933 Long frå konsultasjonar om korleis føderale midlar skulle nyttast i Longs heimstat Louisiana. Presidenten støtta elles undersøkinga kring valet av senator John H. Overton, ein av Longs allierte. Valkampapparatet til Long var skulda for valfusk og veljarpress, ingenting vart prova. For å diskreditere Long og svekke støttespelarane hans, fekk Roosevelt Longs økonomi etterforska av nasjonens internrevisjon. Long vart ikkje knytt til noko ulovleg, men nokre av hans underordna vart tiltala for skattesnusk.
Longs radikale retorikk og aggressive taktikk vann liten gjenklang hos dei andre senatorane. Ikkje eit einaste av forslaga hans fekk fleirtal i hans tre år i senatet. Under ein debatt sa ein annan senator til Long at han trudde ikkje «du kunne fått Fadervår vedteke i denne forsamlinga».
Utanrikspolitisk var Long urikkeleg isolasjonist. Han hevda at USAs inngrep i den spansk-amerikanske krigen og i fyrste verdskrigen var fatale feilgrep utført på vegner av storkapitalen (Wall Street).
Del rikdommen vår Long var ein glødande kritikar av Federal Reserve System. Han og ei gruppe andre senatorar og kongressrepresentantar meinte nasjonalbankens politikk var den eigentlege grunnen til den økonomiske depresjonen. Long fordømte store bankhus som Morgan og Rockefeller i New York, desse hadde aksjar i nasjonalbanken. Han hevda bankhusa kontrollerte pengesystemet til eiga vinning.
I 1934 presenterte Long programmet Share Our Wealth ('Del rikdommen vår') med mottoet «Every Man a King» ('Kvar mann ein konge'). Her føreslo han nye tiltak som skulle dempe fattigdomen og kriminaliteten som følgde depresjonen. Han hevda det var rikdom nok i landet til at alle kunne nyte ein akseptabel livsstandard. Men rikdomen var urettvist konsentrert i hendene på eit fåtal bankmillionærar, forretningsmenn og industribaronar.