For fjellformasjonen, sjå Sju søstre

Dei sju systrene, òg kalla Knivsflåfossen, er den 39. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal og er ein av dei mest kjende fossane i landet. Fossen er ein del av Knivsflåelvane, som ligg ved sidan av kvarandre midtvegs inne i fjorden. Namnet kjem av at fossefalla på avstand kan likne håret til sju kvinner. På motsett side av fjorden ligg fossen Friaren (Skageflåfossen), som gjer kur på dei sju systrene. På fjellhylla nær fossen (til høgre på biletet) ligg øydegarden Knivsflå.

Om sommaren kan fossane ha relativt lite vassføring slik at dei minste av falla tørkar opp.

Sjå òg Fossar i Noreg Sju søstre i Rissa - Ås ved Solem i Rissa

Bakgrunnsstoff Dei sju systrene på World Waterfall Database Dei sju systrene på databasen European waterfalls

Kategori:Fossar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Stranda