«Shakin' All Over» er ein rock and roll-song opphavleg spelt av Johnny Kidd and the Pirates. Han vart skriven av frontmannen Johnny Kidd og nådde førsteplassen i Storbritannia i august 1960. Musikarane på innspelinga var Johnny Kidd (vokal), Alan Caddy (gitar), Brian Gregg (bass), Clem Cattini (trommer), Joe Moretti (sologitar).
Den opphavlege innspelinga vart ikkje ein hit utanfor Europa. I staden vart «Shakin' All Over» kjend i Nord-Amerika etter at The Guess Who spelte inn songen i 1965. Denne utgåva gjekk til topps i Canada og nådde 22. plass i USA.
Utgåva til The Guess Who nådde 27. plass i Australia, men ei anna utgåve med Normie Rowe gjekk heilt til topps her seint i 1965. Denne hitten vart ein av dei mestseljande australske singlane i 60-åra.
Andre utgåver Songen vart spelt av Humble Pie på Live at the Whiskey A-Go-Go i 1969.
Songen er spelt fleire gonger av The Who, kanskje mest kjend på Woodstock i 1969 og på Live at Leeds i 1970.
Rockebandet The Flamin' Groovies spelte songen i 1971 på albumet Teenage Head.
Beach Boys sampla vibratogitar-pausen i «Rock 'n' Roll to the Rescue» frå 1986.
Steve Marriott og Steve Parsons spelte ei utgåve av songen for den kanadiske skrekkfilmen Gnaw: Food of the Gods Part 2 i 1989.
AC/DC har fortalt at hovudriffet i «Back in Black» er sterkt påverka av songen til Johnny Kidd[AC/DC i Rolling Stone of Argentina Magazine N130, Januar 2009]
Songen er òg spelt av: Vince Taylor Rose Hill Drive Suzi Quatro Iggy Pop Van Morrison The Guess Who Brave Belt Dee Dee Ramone Those Darlins The Lords Generation X The Swinging Blue Jeans Bim Skala Bim MC5 Eilen Jewell
Bakgrunnsstoff http://www.thewho.net/discography/songs/ShakinAllOver.html http://www.musicdish.com/mag/index.php3?id=5302
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shakin' All Over» frå , den 11. juli 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Songar frå 1960 Kategori:The Guess Who-songar Kategori:The Who-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Tin Machine-songar