Dick Dale () var ein amerikansk surferockgitarist. Han var ein av dei tidlegaste føregangspersonane innan virtuos gitarrock og er kjend som «The king of the Surf Guitar». Han eksperimenterte med klang og nytta seg av spesialbygde Fender-forsterkarar, mellom anna den første 100-watts forsterkaren.History , Dick Dale official website Han pressa grensene for det som var mogeleg innan elektrisk forsterking på denne tida og var med å utvikle nytt utstyr som kunne skape ein forvrengd, «tjukk, og klår tone» med «eit volum ein tidlegare ikkje kunne drøyme om.» Den særs kjappe måten å spele på enkelttonar på og den virtuose gitarteknikken hans vert rekna som ein forgjengar for heavy metal, og påverka gitaristar som Jimi Hendrix og Eddie Van Halen.

Tidleg liv Dale var fødd Richard Anthony Mansour i Boston i Massachusetts, den 4. mai 1937. Han var av libanesisk opphav på farssida og polsk-kviterussisk opphav på morssida. Foreldra var bønder i Whitman i Massachusetts. Familien til Dale flytta til Quincy i Massachusetts, som hadde eit større arabisk samfunn, då Dale var ung. Han lærte å spele musikk som ung og byrja med piano då hva ni år gammal. Dale likte særs godt Hank Williams og han ønskte å bli ein cowboy-songar. Han kjøpte derfor ein liten plastikk-ukulele for seks dollar og lærte seg sjølv å spele etter ei lærebok. Den første songen han spelte på ukulelen var «Tennessee Waltz». Han lærte seg så å spele gitar, og brukte ein kombinasjon av både solo- og rytmespel, slik at gitaren kunne fylle inn der trommene mangla. Han voks opp i Quincy fram til han var ferdig med 11. klasse på Quincy High School i 1954. Faren, som var maskinist, tok då ein jobb i luftfartsinustrien i Sør-California. Familien køyrde gjennom landet for å busetje seg i El Segundo i California. Dale gjekk resten av skuletida på Washington Preparatory High School. Det var i Sør-California at han lærte sseg å surfe då han var 17 år gammal. Han lærte seg etter kort tid å spele trommer og trompet. På grunn av det arabiske opphavet, hadde han ei sterk interesse i arabisk musikk, som seinare spelte ei stor rolle i utviklinga hans av surferock.

Karriere Ei viktig inspirasjonskjelde for han i starten var onkelen. Dale fortalte: «Onkelen min lærte meg å spele tarabaki-tromme, og eg såg på når han spelte oud. Me brukte å spele på The Maharjan [ein årleg libanesisk festival nær Boston] medan slektningar magedansa.» Den tidlege tarabaki-spelinga påverka seinare gitarspelet hans, særleg den raske plukkinga på gitarstrengane. Dale sa: «Det er pulseringa. Om eg spelar gitar, trompet eller piano, så har dei alle den trommande rytmen eg lærte med å spele tarabaki»

Dale er rekna som ein av dei første elektriske gitaristane som spelte raske skalaer. Dale var ein surfar og ønskte at musikken hans reflekterte lydane han høyrte medan han surfa. Han var blant dei første gitaristane som brukte gjenklang—som gav gitaren ein særskild «våt» lyd og som vart standard i surfemusikk. Den stakkato plukkinga til Dale er derimot varemerket hans. Han var venstrehendt og måtte i starten spele på høgrehandsgitarar, men byta etter kvart til ei venstrehandsmodell. Men han byta ikkje om på strengane, så han spelte i røynda gitaren opp-ned. Jimi Hendrix, som òg var venstrehendt, byta t.d. om på strengane. Dale spelte ofte med å strekkje fingrane over gripebrettet i staden for å gripe under. Dale var òg kjend for å spele perkussivt og bøygde ofte strengane og brukte det som dei fleste gitaristar reknar som særs tjukke strenger.Dick Dale-intervju, Fresh Air, WHYY/NPR, 26. juli 1993, sendt på ny 25. mai 2007. Gitarstrengprodusentar lagar vanlegvis ikkje så tjukke strengar som det Dale brukte.

Han ønskte å skape ein viss lyd som førte til at han pressa utstyret til yttergrensene. Etter kvart skapte arbeidet hans med Leo Fender ein særeigen fuzz-lyd som danna grunnlaget for surfemusikken.

I løpet av ein seks månader lang periode frå 1. juli 1961, spelte Dale på The Rendezvous Ballroom i Balboa der han skapte surfemusikkfenomenet. Dale bad om og fekk løyve til å bruke ballsalen med kapasitet for 3000 menneske for surfar-dansar etter at han hadde fyllt opp mindre lokale i området. Eigarane av The Rendezvous og leiarane i Newport Beach gjekk med på at Dalen kunne få leige ballsalen, men berre om det ikkje var alkoholsal og at dei måtte kle seg fint. Konsertane til Dale i ballsalane, kalla «stomps», vart raskt vidgjetne og var som regel utselde. Paul Johnson, gitarist for den samtidige gruppa The Bel-Airs, fortalte om den elektriske atmosfæren på konsertane:

«Let's Go Trippin'» «Let's Go Trippin'» vert ofte rekna som den første surferocksongen. Denne vart følgd opp av songar som berre vart gjevne ut lokalt, som «Jungle Fever» og «Surf Beat» på hans eige selskap, Deltone. Det første albumet hans var Surfers' Choice i 1962. Albumet vart plukka opp av Capitol Records og distribuert nasjonalt, og Dale spelte kort tid etter på The Ed Sullivan Show og i filmar, der han spelte signaturlåten sin «Misirlou». Han sa seinare «Eg hugsar framleis den første kvelden me spelte han («Misirlou»). Eg endra tempoet, og berre køyrd på. Og... det var skummelt. Folk reiste seg frå golvet, og dei ropte og trampa. Eg trur det var byrjinga på surfar-trampinga.»«Washed out for a decade, surf's up again,» Los Angeles Times, 1 February 1981. Det andre albumet hans var kalla opp etter kallenamnet hans, «King of the Surf Guitar».

Dick Dale fortalte om dei to lidenskapane sine, surfing og gitar:

Dale and the Del-Tones spelte begge sidene av singelen «Secret Surfin' Spot» og «Surfin' and Swingin'» i den populære filmen Beach Party i 1963 med Frankie Avalon og Annette Funicello. Dette var med på å bringe Dale, surfemusikken og surfekulturen ut til eit nasjonalt publikum. Dick Dale and The Del-Tones framførte songane «My First Love,» «Runnin' Wild» og «Muscle Beach» i filmen Muscle Beach Party i 1964. Han deltok òg i filmen Back to the Beach i 1987.

Surferockbølgja var noko kort, sidan den britiske bølgja byrja å ta over på dei amerikanske hitlistene i 1964. Dale fortsette å spele konsertar, men vart sett attende av tjukktarmskreft. I teksten til plateomslaget til Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology, stod det «Då vil du aldri få høyre surfemusikk igjen», som var reaksjonen til Jimi Hendrix då han fekk høyre at Dale hadde kreft og kanskje ikkje kom til å overleve. Som takk spelte Dale seinare inn «Third Stone from the Sun» som ei hyllest til Hendrix.Dick Dale, Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology (Rhino Records, 1997), liner notes to Disc 2, Track 12. Dale vart frisk att, men var borte frå musikken i mange år. I 1979 mista han nesten ein fot då han kutta seg medan han sumde og fekk ein infeksjon i såret på grunn av forureina vatn. Som følgje av dette vart Dale miljøaktivist og byrja etter kort tid å spele musikk igjen. Han spelte inn eit nytt album i 1986 og vart nominert til ein Grammy. I 1987 deltok han i filmen Back to the Beach, der han spelte surfemusikk og framførte «Pipeline» med Stevie Ray Vaughan. I 1993 spelte han ein gitarsolo på songen «Should Have Known» av bandet The Pagodas. Då «Misirlou» vart brukt i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction i 1994 var det mange som oppdaga Dale på ny.

I 1995 spelte han inn in surferockversjon av Camille Saint-Saëns sin «Aquarium» frå The Carnival of the Animals for musikken til berg-og-dal-banen Space Mountain i Disneyland i Anaheim i California. I 1997 deltok Dale i kultfilmen An American Vampire Story, der han spelte ein gitarsolo på ei strand, med sonen på trommer.

Privatliv

Dale har sagt at han aldri har drukke alkohol eller brukt dop, og oppfordra alltid bandmedlemmane og turnémannskapet til å gjere det same. Helse var alltid viktig for han. I 1972 slutta han å ete raudt kjøt. Han har studert karate i over 30 år. Som 80-åring i 2017 spelte han framleis konsertar.

Heider I 2009 vart Dale innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i Nashville.CMT : News : Rascal Flatts Perform With Toto During Musicians Hall of Fame Induction Ceremony Dale er òg sidan 2011 innlemma i Surfing Walk of Fame i Huntington Beach i California.

Diskografi

Album Surfers' Choice (Deltone. November 1962) King of the Surf Guitar (Capitol. Juni 1963) Checkered Flag (Capitol. Oktober 1963) Mr. Eliminator (Capitol. Februar 1964) Summer Surf (Capitol. Juli 1964) Tribal Thunder (HighTone. Mai 1993) Unknown Territory (HighTone. Juni 1994) Calling Up Spirits (Beggars Banquet 21. mai 1996) Spacial Disorientation (Dick Dale Records / The Orchard. 13. november 2001)

Singlar

År Titlar (A-side, B-side)Begge sider frå same album, bortsett frå der anna er nemnt Selskap & nummer album1958«Ooh-Whee-Marie»med «Breaking Heart»Deltone 5012Ikkje albumspor1959«Stop Teasing»med «Without Your Love»Deltone 50131960«We'll Never Hear The End Of It»med «The Fairest Of Them All»Cupid 103«St. Louis Blues»med «Jesse Pearl»Deltone 50141961«Let's Go Trippin'»med «Del-Tone Rock»Deltone 5017Surfer's Choice1962«Jungle Fever»med «Shake-N-Stomp» (frå Surfer's Choice)Deltone 5018Ikkje albumspor«Misirlou»med «Eight Till Midnight»Deltone 5019«Peppermint Man»med «Surf Beat»Deltone 5020Surfer's Choice1963«King Of The Surf Guitar»med «Hava Nagila»Capitol 4963King Of The Surf Guitar«Surfin' and A-Swingin'»med «Secret Surfin' Spot»Capitol 5010Ikkje albumspor«The Scavenger»med «Wild Ideas» (Ikkje albumspor)Capitol 5048Checkered Flag«The Wedge»med «Night Rider»Capitol 50981964«Mr. Eliminator»med «The Victor»Capitol 5140Mr. Eliminator«Wild Wild Mustang»med «Grudge Run» (frå Checkered Flag)Capitol 5187Ikkje albumspor«Glory Wave»med «Never On Sunday»Capitol 5225Summer Surf«Oh Marie»med «Who Can He Be»Capitol 5290Ikkje albumspor1965«Let's Go Trippin' 65»med «Watusi Jo»Capitol 53891966«A Run For Life»med «Lovin' On My Brain»Deltone 50281975«Let's Go Trippin'»med «Those Memories Of You»GNP Crescendo 804Greatest Hits1987«Pipeline» (med Stevie Ray Vaughan)med «Love Struck Baby» (av Stevie Ray Vaughan) (Ikkje albumspor)Columbia 07340Back to the Beach

Samle- og konsertalbum Hot Rod Music on Capitol (Capitol 1963) The Big Surfin' Sounds on Capitol (Capitol 1964) Rock Out with Dick Dale and His Del-Tones: Live at Ciro's (Capitol. March 1965) Greatest Hits (GNP Crescendo 1975) Golden Summer (United Artists 1976) The Tigers Loose (Balboa. August 1983) [konsertalbum] King of the Surf Guitar: The Best of Dick Dale & The Del-Tones (Rhino 1989) Cowabunga Surf Box Set (Rhino 1996) Rocket Jockey (Rocket Science Games/SegaSoft 1996) Better Shred Than Dead: The Dick Dale Anthology (Rhino 1997) MOM II Music for our Mother Ocean (Surf Dog Records 1997) Guitar Legend: The Very Best of Dick Dale (Shout! Factory 2010) The Phantom Surfers and Dick Dale - Conquer Your World! (Groovie Records 2011) Dick Dale: Live on the Santa Monica Pier (Rockbeat Records July 2014)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dick Dale» frå , den 2. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside

Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Surfemusikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Dick Dale and the Del-Tones-medlemmar Kategori:Musikarar frå Boston