Şalom (hebraisk שלום, 'fred') er ei tyrkisk jødisk vekeavis på tyrkisk og ladino. Avisa vart etablert 29. oktober 1947 av den tyrkisk-jødiske journalisten Avram Leyon og er Tyrkias eldste vekeavis. I 2005 hadde avisa eit opplag på 5 000. Avisa kan lesast på internett både på tyrkisk og på ladino. Şalom kjem ut i Istanbul kvar onsdag. Redaktør er Yakup Barokas.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyrkiske aviser Kategori:Jødespansk språk Kategori:Skipingar i 1947