Walter Leland Cronkite, jr. () var ein amerikansk journalist. Han arbeidde som journalist i Europa under og i tida etter andre verdskrigen. Frå 1950 var han tilsett i CBS. Han rapporterte frå fleire kjende hendingar, som Nürnbergprosessen, Vietnamkrigen og gisselkrisa i Iran.

Cronkite var programleiar og redaktør for nyhendeprogrammet CBS Evening News (1962–81), der han som ein høgt respektert og truverdig journalist var med på å utvikle den politiske kommentaren. I seinare år var han med som programleiar eller gjest i fleire kjende fjernsynsprogram.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Walter Cronkite» frå , den 20. juli 2009.

Kategori:Presidentens Fridomsmedalje Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:Folk frå Missouri Kategori:Døde av hjernekarsjukdommar