Årstad kyrkje er ei einskipa krosskyrkje frå 1890 som ligg i bydelen Årstad i Bergen kommune, Hordaland fylke. Ho er bygd av gneis med ein utvendig kledning av tukta stein. Steinen blei broten på Landås og køyrd til kyrkja på dugnad. Portalane og vindusramene er av kleberstein.
Bygningen mini|venstre|Årstad kyrje sett frå inngangspartiet, 2007 Skipet og krossarmane har same breidde. Koret er litt smalare og rett avslutta. På kvar side av koret er det eit sakristi. Kyrkja har eit aksialt plassert vesttårn på tre etasjar. På sørsida av tårnet står eit rundt tårn med ei vindeltrapp som fører opp til andre etasje. Tårnet har ein spiss åttekanta hjelm som er tekka med kopar.
Hovudportalen i vest står i tårnfoten og den er utvendig beskytta av eit framspringande saltak. Ein portal fører også inn frå tårnfoten til skipet. Skipet har fire par enkle spissboga vindauge. Krossarmane har tilsvarande vindauge.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Årstad kyrkje» frå , den 22. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
Kulturnett Bilete frå kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Bygningar teikna av Christian Christie Kategori:Norske kyrkjer frå 1890 Kategori:Kulturminne i Bergen