Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein norsk fjernsynsserie. Serien handlar om menneske som har vald å leve på avsidesliggjande plassar, nær naturen og i enklare kår. Det første programmet blei sendt på NRK 8. desember 2002. Serien si hovudside på nrk.no Ved utgangen av 2024 er det laga 24 sesongar av serien.
Oddgeir Bruaset skapte programmet og var programleiar dei første tolv åra. NRK Møre og Romsdal, 25.10.13: Snart slutt for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" Sentrale var også fotografane Brede Røsjø og Tor Sivertstøl. Då Bruaset pensjonerte seg i 2014, tok Arve Uglum over. Saman med hovudfotograf Torje Bjellaas hadde Uglum ansvaret i fem sesongar. I 2020 tok Noralv Pedersen over som programleiar og lagar i dag serien saman med Bjellaas.
Programidéen Tittelen på serien kjem frå songen «Anne Knutsdotter» av Claus Pavels Riis: «Vi bur oppå ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Før levde mange slik, no er det få. Men framleis finst menneske som bur utanfor allfarveg – på ein holme i havet, på ei fjellhylle eller i ein veglaus avkrok.
Programmet gir eit innsyn i kvardagen til desse menneska, som bur slik dei gjer, ikkje fordi dei må, men fordi dei vil.
Grunnane til at folk bur på dei avsidesliggjande plassane er ulike. Nokre har budd der heile livet. Andre har flytta tilbake til staden der dei er fødd og oppvaksen, ofte etter eit vaksenliv «utanskjers». Medan andre igjen har brote opp og flytta ut til ein plass utanfor allfarveg, for å leve nær naturen og i stilla.
Serien rommar menneske i ulike livsfasar, og programma har eit stort spenn i levd liv. At programmet framleis har gode sjåartal, tyder på at publikum set pris på dette mangfaldet.
Popularitet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein populær serie i Noreg. Sjølv etter at stadig fleire TV-kanalar og strøymeplattformer har komme til, har serien klart seg godt, både i ein tøffare konkurransekvardag og i overgangen til stadig meir digital sjåing. 2024-sesongen er sett av over ein million sjåarar i snitt, og var blant dei mest sette programma i NRK TV det året.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og serieskaparane har fått ei rekke utmerkingar, mellom andre desse:
Gullruten 2008 i klassen beste magasin- eller livsstilsprogram.Store Norske Leksikon: Gullruten Bruaset mottok Folkets TV-pris under Gullruten 2009. Bruaset fekk i 2015 Gullruten sin heiderspris.Se og Hør 09.05.2015 Uglum mottok i 2018 Kringkastingssjefens språkpris for «ein nynorskbruk som kler landskapet i programmet». Uglum fekk Kringkastingsprisen for 2020. Torje Bjellaas fikk i 2021 Gullruten sin fagpris for sitt fotoarbeid på serien. Prix Circom 2025: Vinnar av Commended-pris i kategorien Drama and Entertainment. Prix Circom 2026: Vinnar av Commended-pris i kategorien Entertainment. Gullruten 2026 i klassen beste regi einkamera – underhaldning, ved Noralv Pedersen
Ei rekkje oppfølgingsprogram er blitt laga, mellom anna ein heil serie om garden Røneset. Denne fekk namnet Severin, etter førenamnet på han som bur på garden i dag. Det er laga tre sesongar av Severin.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu inspirerte òg til andre tv-program, som Glimt av Norge. Serien Glimt av Norge si hovudside på nrk.no Denne serien med kortdokumentarar hadde premiere i 2010 og er laga i ti sesongar.
Programmet er også populært i Sverige og har vore sendt på SVT sidan 2003. Serien blir også vist i Danmark.
Episodar
Sesong 1 EpisodeTittelNamn på personarLenke1SulabakkNils StoråsProgrammet i NRK TV2SylenEva og Kjell RyvangProgrammet i NRK TV3FinnafjordenLars FindenProgrammet i NRK TV4KjeåsenBjørg WiikProgrammet i NRK TV5FiskeværetTommy RodahlProgrammet i NRK TV6Trodla-TysdalKjell TysdalProgrammet i NRK TV
Sesong 2 EpisodeTittelNamn på personarLenke1GaundalenIngeborg Gaundal og Steinar GaundalProgrammet i NRK TV2GiværOlaug OlsenProgrammet i NRK TV3StyviBotolv HovProgrammet i NRK TV4FinnskogenLiv Burud og Trond BurudProgrammet i NRK TV5RevelsøyAlma JenssenProgrammet i NRK TV6KviptÅsmund KviptProgrammet i NRK TV
Sesong 3 EpisodeTittelNamn på personarLenke1TanaCharles JensenProgrammet i NRK TV2EikemoGeir Arne Eikemo og Nils Kjetil EikemoProgrammet i NRK TV3VassvikaTi Xiang Zhao, Viggo Vassvik og Anna VassvikProgrammet i NRK TV4BleikøyaBerit Gulbrandsen og Christian GulbrandsenProgrammet i NRK TV5SihccajavriMari Anne Kumpulainen VanhaphiaProgrammet i NRK TV6KvebergsøyaMartin Kjønsberg og Eris DavidsProgrammet i NRK TV
Sesong 4 EpisodeTittelNamn på personarLenke1LaksfjordviddaPer SørflatenProgrammet i NRK TV2FyresdalElin Skålid og Tor Bolstad JensenProgrammet i NRK TV3GjevsjøenNils Christian GjefsjøProgrammet i NRK TV4ÅsligrendaKari Nøssvold, Margit Nøssvold og Per BechProgrammet i NRK TV5FlatøyOddbjørn SelnesProgrammet i NRK TV
Sesong 5 EpisodeTittelNamn på personarLenke1LusterGeirr VettiProgrammet i NRK TV2TinnIvanir Hasson og Carl OlsenProgrammet i NRK TV3KlyngjetunetSigne Fure Hoddevik, Else Fure, Arthur Fure, Esther Hagen, Marit Fure, Kjell FureProgrammet i NRK TV4SkåroJon J. SkaarProgrammet i NRK TV5VågåSisco Välimaa Waldersløw og Karl Viggo WaldersløvProgrammet i NRK TV6NyksundStedsportrettProgrammet i NRK TV
Sesong 6 EpisodeTittelNamn på personarLenke1GraddisfjelletKajsa Zetterquist og Per AddeProgrammet i NRK TV2KjepsoAnne Kjepso og Per KjepsoProgrammet i NRK TV3MårenIvar OrvedalProgrammet i NRK TV4FossdalAnita Martinsen, Ola Bævre, Marit MartinsenProgrammet i NRK TV5SkjerdalDaniel Skjerdal, Jens Skjerdal, Evelyn Kvamme Skjerdal, Liv Randi TeigeProgrammet i NRK TV
Sesong 7 EpisodeTittelNamn på personarLenke1KirkefjordenOddvar Berntsen, Ingrid BlomquistProgrammet i NRK TV2FemundenMilda Femundshytte og Klas FemundshyttenProgrammet i NRK TV3HattfjelldalKnut Kastnes og Siri KobberødProgrammet i NRK TV4HomevassevjeKirsten LundsgaardvigProgrammet i NRK TV5StorfjordenSeverin RønesProgrammet i NRK TV
Sesong 8 EpisodeTittelNamn på personarLenke1VærøyRemi Johansen og Jeanette JohansenProgrammet i NRK TV2AldalMargot Bjørvik og Per BjørvikProgrammet i NRK TV3SvinøyaOla BraanaasProgrammet i NRK TV4HasfjordElse JuliussenProgrammet i NRK TV5MøsstrondAnne Gro Istad Løvås og Åsmund LøvåsProgrammet i NRK TV6HvalerTore Amarius og Lene Akselie AmariusProgrammet i NRK TV7RomsdalenMarit Kvam og Arnfinn LislienProgrammet i NRK TV
Sesong 9 EpisodeTittelNamn på personarLenke1BjerkreinTønnes Martin Dyrskog og Aud Marit DyrskogProgrammet i NRK TV2BøEllen Marie HansteensenProgrammet i NRK TV3JondalArne Bakke Mælen og Gry MelstveitProgrammet i NRK TV4HitraIngvar Aabrek KlingenbergProgrammet i NRK TV5VikabråtenYvonne Christensen og Ole Jacob ChristensenProgrammet i NRK TV6SkindalenAnne Vågen SkindalenProgrammet i NRK TV
Sesong 10 EpisodeTittelNamn på personarLenke1ValdresInger Norunn Solhaug og Rainer SolhaugProgrammet i NRK TV2BjarkøyOlaug PettersenProgrammet i NRK TV3ÅseralMagnhild Snaprud og Christoffer ChristensenProgrammet i NRK TV4BrattværetLeif Birger HagenProgrammet i NRK TV5FosenhalvøyaKlara Hårstad og Einar HårstadProgrammet i NRK TV6NumedalLars-Erik JacobsenProgrammet i NRK TV
Sesong 11 EpisodeTittelLenke1Tilbakeblikk til Vassvika, Skåri, Åsligrenda og NyksundProgrammet i NRK TV2Tilbakeblikk til Finden, Kvipt, Værøy, Skjerdal og MakøProgrammet i NRK TV3Tilbakeblikk til Måren, Eikemo, Litle Færøy, Erik Larsatjønna, Skindalen, GiværProgrammet i NRK TV4Tilbakeblikk på de som har flyttet og de som har gått bortProgrammet i NRK TV
Sesong 12 EpisodeTittelNamn på personarLenke1BønåOle Arnold BønåProgrammet i NRK TV2SetesdalsheianeÅse Kokaas og Rune IngebretsenProgrammet i NRK TV3HedmarkGry Schjøll og Dag HansenProgrammet i NRK TV4RyBente Thurmann-Nielsen og Tormod SkeieProgrammet i NRK TV5GlittersjåHege Thorson Nordskar og Helge NordskarProgrammet i NRK TV6StorfjordenKari-Anne NilsenProgrammet i NRK TV
Sesong 13 EpisodeTittelNamn på personarLenke1SamnangerBente GetzProgrammet i NRK TV2HattfjelldalStine Reinfjord Engdal og Per-Sverre EngdalProgrammet i NRK TV3Nord-HidleTerjer Hidle og Erling Eriksen HidleProgrammet i NRK TV4SkifterudGaby Larsen og Rupert DerbenProgrammet i NRK TV5MeråkerKatrine Høttmon og Bjarne HøttmonProgrammet i NRK TV6ValdresErik Rostbøll og Kirsten RostbøllProgrammet i NRK TV
Sesong 14 EpisodeTittelNamn på personarLenke1TangenesetPål Ryland og Trude SøilenProgrammet i NRK TV2GamvikAdriaan SmisProgrammet i NRK TV3AustliHillborg Romtveit og Trygve VaagenProgrammet i NRK TV4BliksværNils ThommesenProgrammet i NRK TV5FonnaLisa Instefjord Gilje, Svein Eivind Gilje, Robert SørfonnProgrammet i NRK TV6SognefjordenVilhelm RumohrProgrammet i NRK TV
Sesong 15 EpisodeTittelNamn på personarLenke1SylvarnesMagne SylvarnesProgrammet i NRK TV2TanafjordenBente Aust, Tore WæraasProgrammet i NRK TV3KristiansandTrond Henning MonanProgrammet i NRK TV4LysefjordenAgnes Tiffon, Hessel HakerProgrammet i NRK TV5VeafjordenNorvald BukkesteinProgrammet i NRK TV6JotkajavvriLisa Romsdal Kristensen, Steinar KristensenProgrammet i NRK TV
Sesong 16 EpisodeTittelNamn på personarLenke1HjørundfjordenDaniel Storeide og Ivonne EikremsæterProgrammet i NRK TV2VorterøyIngebjørg GamstProgrammet i NRK TV3VistenfjordenKaia Aarstrand og Bjørnar AarstrandProgrammet i NRK TV4FagermyrDag N. FagermyrProgrammet i NRK TV5SvinøyaGunnar Bengtsson, Lise Juul Mortensen, Gorm BengtssonProgrammet i NRK TV6NærøyfjordenArild DyrdalProgrammet i NRK TV
Sesong 17 EpisodeTittelNamn på personarLenke1TussøySvein Brox og Synnøve SteinslandProgrammet i NRK TV2SkjæløyJan Erik Weel Johansen, Janne Weel Johansen, Øyvind Johansen, Ragnhild JohansenProgrammet i NRK TV3VinkenesKarin VinkenesProgrammet i NRK TV4Grue FinnskogJan StorbergetProgrammet i NRK TV5SkorpoOle Kristoffer Vågen, Anja StrüterProgrammet i NRK TV6SandøybotnEinar Røe og Illona RøeProgrammet i NRK TV
Sesong 18 EpisodeTittelNamn på personarLenke1Skrova fyrReidar Sørensen og Frank MarstokkProgrammet i NRK TV2BlefjellMarit KarlsenProgrammet i NRK TV3EmbretsæterPernille Anker og Samuel DucProgrammet i NRK TV4NautøynaJon Kvalvik og Johanne HavelandProgrammet i NRK TV5AnnsteinsundetRoger Eidshaug og Marit KuvåsProgrammet i NRK TV6MollešjohkaPer Edvard JohnsenProgrammet i NRK TV7JulespesialTor-Evert JohansenProgrammet i NRK TV
Sesong 19 EpisodeTittelNamn på personarLenke1HovdenHarald Hovden og Hilde HovdenProgrammet i NRK TV2HerøyaAud Skjærbusdal ByeProgrammet i NRK TV3PresteroiNils LeidalProgrammet i NRK TV4Lille KalvøyaKathrine Nydahl, Ole Nydahl, Ellen NydahlProgrammet i NRK TV5HelgenesIngrid Melkersen, Arvid Melkersen, Oddvar PedersenProgrammet i NRK TV6RottElfrid Rott, Oddvar Rott og Jostein LundalProgrammet i NRK TV
Sesong 20 EpisodeTittelNamn på personarLenke1HusøyaBorgny og Roald MathisenProgrammet i NRK TV2IsnesFrank EriksenProgrammet i NRK TV3HilleSvein J. VatnøyProgrammet i NRK TV4LávvonjárgaYngve JohansenProgrammet i NRK TV5MerdøTrond HelleProgrammet i NRK TV6Øvre Brekkebakkane 2Tor-Evert JohansenProgrammet i NRK TV
Sesong 21 EpisodeTittelNamn på personarLenke1Øvre Brekkebakkane 3Line Raunkjær og Tor-Evert JohansenProgrammet i NRK TV2Øvre Brekkebakkane 4Line Raunkjær og Tor-Evert JohansenProgrammet i NRK TV3Ytre Eikjo og SvalbardSigri Sandberg og Steinar RorgemoenProgrammet i NRK TV4VenabygdsfjelletOlaug FurusæterProgrammet i NRK TV5HartvigøyaAlexander HartvikøyProgrammet i NRK TV6DønnesfjordMette Roland og Arnfinn RolandProgrammet i NRK TV
Sesong 22 EpisodeTittelNamn på personarLenke1BrunborgAnders BrunborgProgrammet i NRK TV2OtterskredEvy og Inge OtterskredProgrammet i NRK TV3StorholmenJeanette Hansen og Pascal BolwijnProgrammet i NRK TV4VikabråtenMarit Eckhoff og Frank EriksenProgrammet i NRK TV5LundBart BrouwersProgrammet i NRK TV6GjerdøyhamnJonny LosvikProgrammet i NRK TV
Sesong 23