James Gordon Bennett jr. () var ein amerikansk avisforleggar.

Bennett var son av James Gordon Bennett, Sr., og var sjølv gjerne kjend som Gordon Bennett for å skilja han frå faren. Han overtok leiinga av New York Herald i 1866, og auka den internasjonale profilen til avisa. I 1869 støtta han Henry Morton Stanley si reise til Afrika for å finna David Livingstone, mot å få eksklusive reportasjar frå Stanley. Han finansierte også George Washington DeLong sin polarekspedisjon i 1879, og fekk til gjengjeld Bennettøya kalla opp etter seg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Gordon Bennett, Jr.» frå , den 9. august 2009.

Kategori:USA-amerikanske avisfolk