Dalsfjord fyrmuseum er eit museum som har som hovudoppgåve å dokumentere og formidle den sosiale historia til dei som har vore med å byggje fyr, lykter, merke, fortøyingsfeste og hamner langs norskekysten. Det vart skipa i 1993. Museet ligg i Dravlaus i Volda, og er tilslutta Stiftinga Sunnmøre Museum. Dalsfjord fyrmuseum var offisielt opna i nye lokalar 8. november 2012.
Bakgrunnsstoff Dalsfjord fyrmuseum - heimeside
Kategori:Stiftinga Viti Kategori:Volda kommune Kategori:Museum i Møre og Romsdal Kategori:Museum skipa i 1993 Kategori:1993 i Noreg