Historia til grenlandsmålet er grundigast skildra i Dalene (1953). Fonologi Vokalar Vokalar i trykksterk staving Dersom vi i fyrste omgang ser bort ifrå kvantitetsendringar, kan tilhøvet mellom norrøne og grenlandske monoftongar og diftongar framstellast som i tabellen under, der norrøne sekvensar av j pluss vokal har blitt rekna som diftongar:Når grenlandsk har to refleksar i komplementær distribusjon, står det ~ mellom dei. Norrønt i [i] e [e] y [y] ø [ø] u [u] o [o] a [ɑ] ǫ [ɒ] í [iː] é [eː] æ [æː] ý [yː] ǿ [øː] ú [uː] ó [oː] á [ɑː] ǫ́ [ɒː] ei [ei] ey [øy] au [ɒu] ja [ja] jǫ [jɒ] jú [juː] jó [joː] já [jɑː] jǫ́ [jɒː] Grenlandsk i, e~æ e~æ y, ø ø u~ʉ, o o, ø a, e~æ o íː eː~æː eː~æː yː øː uː~ʉː uː oː oː æi øy æʉ ja, je~jæ jo, ju jʉː, yː (j)øː joː joː Her er nokre døme: Norrønt sitja [ˈsitja] > grenlandsk ²site 'sitje' Norrønt vin [ˈwin] > grenlandsk ¹ven 'ven'
Vokalar i trykkveik staving Mange særkjenne ved grenlandsmålet kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg i grenlandsmålet: Norrøn i og u har falle saman i e. Norrøn a har blitt til e, æ og a: e når norrøn a stod i slutten av eit ord. æ føre ståande r a når norrøn a hadde ein annan konsonant enn r etter seg. Desse bøyingsmønstera illustrerer det som har skjedd:Det er ikkje alltid mogeleg å sjå om eintalsformene av substantiva i grenlandsmålet går attende på nominativ- eller akkusativformene i norrønt. Sidan nokre former eintydig kjem av akkusativformene og ingen eintydig kjem av nominativformene, er berre akkusativformene tekne med her. Norrønt vísu – vísuna – vísur – vísurnar > grenlandsk ²viːse – ²viːsa – ²viːser – ²viːsene 'vise'. Norrønt gest – gestinn – gestir – gestirnir > grenlandsk ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'. Norrønt hest – hestinn – hestar – hestarnir > grenlandsk ¹hest – ¹hesten – ²hestær – ²hestane 'hest'. Norrønt kasta – kastar – kastaði – kastat > grenlandsk ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'. I norrønt kasta har trykkveik a blitt til e sist i ordet. I norrønt hestar og kastar har trykkveik a blitt til æ føre r. I norrønt hestarnir har trykkveik a halde seg som a, og ikkje blitt til æ, av di r har falle bort. I norrønt kastaði og kastat har a halde seg som a føre konsonantane n ð t, som seinare har falle bort. I norrøn gestinn, gestir, gestirnir, hestinn og hestarnir har trykkveik i blitt til e. I norrøn vísu og vísurnar har trykkveik u blitt til e; det er ikkje mogeleg å avgjere om grenlandsk ²viːse kjem av norrønt vísa (nominativ) eller vísu (akkusativ). Når også trykkveik a her har blitt til e, trass i at han er fylgd av ein konsonant, har det truleg morfologiske årsaker, ved bortfall av genus-skiljet mellom -nir (hankjønn) og -nar (hokjønn). I norrønt vísuna har -una fyrst blitt til ein nasal vokal, som så har blitt til -a i moderne grenlandsmål; det er ikkje mogeleg å avgjere om grenlandsk ²viːsa kjem av norrønt vísan (nominativ) eller vísuna (akkusativ).
Konsonantar Konsonantar i trykkveik staving Konsonantbortfallet i trykkveike stavingar er òg regelrett: Norrøn t og ð har falle bort i trykkveik staving. Norrøn n har falle bort i trykkveik staving, men har nasalert føregåande vokal, som seinare har blitt til a. Bortfallet av t og ð er illustrert i bøyingsmønstera over. Bortfallet av n og overgangen til a er illustrert i desse døma: Norrønt skálin > grenlandsk ¹skoːɽa 'skåla'. Norrønt vísan > grenlandsk ²viːsa 'visa'. Norrønt morgin / morgun (akkusativ) > grenlandsk ²mora 'morgon'. Norrønt hana (akkusativ) > grenlandsk a 'henne'. Merk at dei doble konsonantane tt og nn ikkje fell, men blir til t og n: Norrønt gestinn > grenlandsk ¹jesten 'gjesten'. Norrønt leiróttr > grenlandsk ²læirete 'leirut'.
Norrøn postvokalisk f, ð, g Etter vokal representerte norrøn f, ð og g dei stemde frikativane [v], [ð] og [ɣ]: Norrønt grafa [ˈgrava] 'grave'. Norrønt leiða [ˈleiða] 'leie'. Norrønt draga [ˈdraɣa] 'dra'. I grenlandsmålet har desse tre konsonantane utvikla seg slik: [v] har falle bort mellom norrøn ú og ein annan vokal og etter norrøn au, men har elles blitt ståande som v. [ð] har alltid falle bort, truleg bortsett frå fremst i enklitiske pronomen, der han har blitt til r. [ɣ] har blitt borte eller til sisteleden i diftongane æu, æi og øy, mellom anna slik: Bortfall etter norrønt ú, a, au, ei og ey. Norrøn og [oɣ] og óg [oːɣ] > grenlandsk æʉ. Norrøn eg [eɣ] > grenlandsk æi. Norrøn øg [øɣ] og ǿg [øːɣ] > grenlandsk øy. Her er former som illustrerer nokre av endringane: Norrønt dúfa [ˈduːva] > grenlandsk ²dʉːe 'due'. Norrønt rauf [ˈrɒuv] > grenlandsk ¹ræʉ 'rauv'. Norrønt grafa [ˈgrava] > grenlandsk ²graːve 'grave'. Norrønt tíð [ˈtʰiːð] > grenlandsk ¹tiː 'tid'. Norrønt leiða [ˈleiða] > grenlandsk ²læie 'leie'. Norrønt þrúga [ˈθruːɣa] > grenlandsk ²trʉːe 'truge'. Norrønt dag [ˈdaɣ] (akkusativ) > grenlandsk ¹daː 'dag'. Norrønt haug [ˈhɒuɣ] (akkusativ) > grenlands ¹hæʉ 'haug'. Norrønt eiga [ˈeiɣa] > grenlandsk ²æie 'eige'. Norrømt fogl [ˈfoɣl]Norrønt hadde både fogl og fugl. > grenlandsk ¹fæʉeɽ 'fugl'. Norrønt skóg [ˈskoːɣ] (akkusativ) > grenlandsk ¹skæʉ 'skog'. Norrømt veg [ˈweɣ] > grenlandsk ¹væi 'veg'. Når dei stemde frikativane var fylgde av ein nasal, har dei utvikla seg på eit anna vis: Norrøn fn [vn] > *[bn] > grenlandsk mn. Norrøn gn [ɣn] > *[ɡn] > grenlandsk ŋn. Desse formene illustrerer endringane: Norrønt nafn [ˈnavn] > grenlandsk ¹namn 'namn'. Norrønt ofn [ˈovn] > grenlandsk *¹omn > ¹om 'omn'. Norrønt rigna [ˈriɣna] > grenlandsk ²reŋne 'regne'. Forma finst hos Dalene (1953: 44). Parallelt med dette har norrøn rn blitt grenlandsk n; jf avsnittet Norrøn rn nedanfor.
På grunn av påverknad frå bokmåls-basert talemål har uttalemåtar som ¹navn 'namn' og ¹ræin 'regn' blitt dominerande i dag. Merk at også norrønt aun [ɒun] har blitt til oŋn i grenlandsmålet: Norrønt hrogn [ˈhroɣn] > grenlandsk ¹roŋn 'rogn (fiskeegg)'. Norrønt raun [ˈrɒun] (akkusativ) > grenlandsk ¹roŋn 'rogn, raun (tre)'. Norrønt kaun [ˈkɒun] > grenlandsk ¹koŋ 'kaun, kong (byll)' Norrønt fraunar [ˈfrɒunar] > grenlandsk ²froŋne 'Frogner' (gard i Gjerpen).Jf. Rygh, Norske Gaardnavne: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS118613%4026970=on
Norrøn rn Norrøn rn har blitt grenlandsk n, med kort eller lang vokal føre. Når vokalen føre er kort, kan vi rekne med denne utviklinga: Norrøn Vrn [Vrn] > *[Vdn] > [Vnn] > [Vn]. Eit døme: Norrønt bjǫrn [ˈbjɒrn] > grenlandsk ¹bjøn 'bjørn'. Når vokalen føre har blitt lang, må vi truleg rekne med denne utviklinga: Norrønt Vrn [Vrn] > *[Vːrn] > *[Vːdn] > *[Vːnn] > [Vːn]. Eit døme: Norrønt barn [ˈbarn] > grenlandsk ¹boːn 'barn'. Norrøn hv Den ordinitiale norrøne konsonantgruppa hv [ʍ], som i hvítr 'kvit’ ser ut til å ha utvikla seg i to ulike retningar i norske målføre, når vi held spørjeorda utanfor: [ʍ] > [w] > *[ɡw] > [ɡʋ] [ʍ] > *[kw] > [kʋ] Endringane under punkt 1 finn vi på Søraustlandet, og endringane under punkt 2 i resten av landet. Søraustlandet skil seg frå resten av landet ved endringa [ʍ] > [w] (frå ustemd [ʍ] til stemd [w]), og fleire svenske målføre står framleis på dette stadiet, med [w] av eldre [ʍ] og [ʋ] av eldre [w], td [wit] ‘kvitt’ mot [ʋit] 'vidt’. I heile Noreg har den labial-velare halvvokalen utvikla seg til velar plosiv pluss [w], slik at den stemde [w] har blitt til [ɡw] og den ustemde [ʍ] har blitt til [kw]. Seinare har [w] blitt til [ʋ] i alle posisjonar. I mange søraustlandske målføre har [ɡʋ] seinare blitt til [ʋ], truleg gjennom påverknad frå dansk/bokmål og kanskje svensk. I grenlandsmålet er [ɡʋ] kjent frå orda under; berre det fyrste er relativt vanleg i dag: Verbet ²ɡʋiːne 'kvine', av norrønt hvína, jamfør uttrykket de ¹ɡoː ʃoː de ɡʋiːner 'det går så det kvin' / de ¹jik soː de ¹ɡʋæin 'det gjekk så det kvein'. Verbet ²ɡʋeːse 'kvese, kvæse', av norrønt hvæsa. Kjent frå Solum, jf Dalene (1953). I dag ²ʋeːse. Verbet ɡʋeke 'kvekke, få ein støkk', av norrønt *hvekka (berre belagt i preteritum hvakk, grenlandsk ¹ɡʋak). I dag ²ʋeke (preteritum ¹ʋak).
I spørjeord har utviklinga av norrøn hv vore annleis, ved at [w] har falle bort i alle målføre. Utviklinga i grenlandsk har truleg vore [ʍ] > [h] > Ø. Solumsmålet (jf Dalene 1953) har former både med og utan h: ¹hoː og ¹oː < norrønt hvat 'kva'. Reynolds (1952) oppgjev ¹hot 'kva' frå porsgrunnsmålet. I dag dominerer ¹oː. ¹hore / ¹høre og ¹ore / ¹øre < norrønt hvar 'kvar'. Ordet er lite kjent i dag. I staden seier ein ¹oː … hen, td ¹oː skaː ¹dʉː hen 'kvar skal du?' og oː ¹æːra hen 'kvar er ho?' eller berre ¹hen, ¹hen ¹æːra 'kvar er ho?' ¹hosen og ¹osen < norrønt hvorsu. (Det er ikkje kjent kvar n-en på slutten kjem frå, men han finst i former frå fleire delar av landet, jf tromsømål ¹kuʃen.)
Fotnotar
Bibliografi Dalene, Halvor 1953. Lydverket i solumsmålet. (Skrifter frå Norsk målførearkiv ved Sigurd Kolsrud.) Oslo. Reynolds, Hans 1952. Porsgrunns-maal. Ordsamling og Porsgrunnsviser. (Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud.) Oslo i kommisjon hos Jacob Dybwad. (Utgjeven på nytt av Porsgrund historielag i 1980.)
Kategori:Grenlandsmålet