Joralf Gjerstad () var ein healer som det vart hevda var synsk og hadde «varme hender». Gjerstad var frå Snåsa i Nord-Trøndelag. Han var kjend som «Snåsamannen», eller lokalt som «Snåsakaill'n».
Liv og virke Gjerstad vart fødd inn i enkle kår og fekk berre fem års skulegang. Han har sidan arbeidd i landbruket og 16 år som kyrkjetenar i Den norske kyrkja. Gjerstad har fortald at han alt som barn skjønte at han hadde evner utanom det vanlege. Han hevda at evna til å vere synsk låg i slekta hans og denne evna til å sjå var sterk hjå han sjølv. I tillegg meinte han å kunne kurere folk. Han fortalde vidare at han lenge prøvde å skyve vekk evnene, som tidvis var tunge å leve med. Men som 21 år gammal soldat i Tysklandsbrigaden vart han spådd av ei eldre kvinne han tilfeldig møtte at han ville verte kjend over heile Noreg gjennom å hjelpe folk.«De varme hendene» av Silje Kathrine Sviggum på Dagbladet.no (17. november 2008). Sidan behandla han tusenvis av menneske gratis gjennom femti år – og han skal ha lækt mange av dei med dei varme hendene sine og gjennom at han skal vere diagnostiserande synsk.Eit dokumentarprogram om han som vart send på NRK 09.10.2006, jf. «Snåsakaill'n får hundrevis av brev» av Torill Aamodt hjå NRK Trøndelag (12. oktober 2006).
Heider Joralf Gjerstad fekk Kongens fortenestmedalje i sølv i 2001.«Kongens heder for Joralfs varme hender» av Ole Bjørner Loe Welde på Dagbladet.no (23. januar 2002). Hausten 2006 sende NRK ein eigenprodusent dokumentarfilm om han med tittelen Kjenner du varmen?.«Håndspåleggeren» på NRK.no (9. oktober 2006).
Hausten 2008 gav Ingar Sletten Kolloen ut biografien Snåsamannen. Boka vart ein bestseljar etter få veker.«Spår han riktig salgstall også?» av Marie L. Kleve på Dagbladet.no (6. november 2008).
Kritikk Verksemda til Gjerstad har vorte kritisert, mellom anna av legar. Medisinprofessoren Tor K. Larsen skreiv til dømes i eit avisinnleg at Joralf Gjerstad «har lurt tusenvis avnordmenn trill rundt», sjølv om han «visstnok ikkje [har] skodd seg økonomisk på kvakksalveriet sitt». Larsen meintee også at «det at Snåsamannen ikkje vil la seg teste er truleg eit uttrykk for at han er klar over at han driv med humbug».«Snåsalureri» av Tor K. Larsen i Dagbladet (5. januar 2009).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
«Trollmannen fra Snåsa » av Odd Ragnar Myhr hjå Byavisa Trondheim (19. februar 2008). «Snåsamannen i 50 000» av Kaja Korsvold på Aftenposten.no (18. november 2008).
Kategori:Klarsynte Kategori:Folk frå Snåsa Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv