«I Get Around» er ein song av skriven av Brian Wilson og Mike Love for The Beach Boys. Mike Love syng solovokal på verset og Brian Wilson på refrenget. Songen er kjend for den bakvendte strukturen - han startar med refrenget og har to korte vers. Songen vart gjeven ut på singel i 1964 med «Don’t Worry Baby» som B-side. Singelen var den frøste songen ti lthe Beach Boys som nådde førsteplassen i USA. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia og vart den første Topp 10-plasseringa til bandet her. Songen vart gjeven ut på albumet All Summer Long i 1964.

Komposisjon I november 1969 selde far til Wilson, Murry Wilson, rettane til songen til Irving Almo for om lag $700 000. Mange år seinare i april 1992, like etter Brian Wilson vann eit søksmål der han fekk tilbake rettane til mange av songane sine, saksøkte Mike Love Brian Wilson fordi Love ikkje hadde vorte tilskriven låtskrivinga på rundt 30 songar og derfor ikkje fått honorar. Ein av desse var «I Get Around». Opphavleg var berre Wilson tilskriven, men Love insisterte på at han hadde vore med på å skrive teksten.

Innspeling

Instrumentsporet vart spelt inn 2. april 1964. Vokalen vart spelt inn åtte dagar seinare, den 10. april med Mike Love på versa og Brian Wilson på refrenga, samt korvokal frå Brian, Carl og Dennis Wilson, Mike Love og Alan Jardine.

Singelen Singelen kom ut i USA den 11. mai 1964. Singen gjekk inn på Billboard-lista den 6. juni på 17. plass. Songen nådde førsteplassen den 4. juli og erstatta «A World Without Love» av Peter and Gordon. Dette var den først førsteplassen deira i USA og låg der i to veker.

I følgje Songfacts, Billboard og Cash Box var «I Get Around» den femte mestseljande singelen i USA i 1964 og selde nær 2 millionar eksemplar.Songfacts.com

I juni 1964 nådde songen 7. plass i Storbritannia og vart dermed den første store hitten deira i dette landet. I Tyskland nådde singelen 38. plass. og vart den andre singelen til bandet som gjekk inn på dei tyske listene.German Singles Charts Singelen var første gong bandet nådde listene i Nederland med ein 38. plass.Dutch Singles Charts Singelen nådde Topp 10 både i Canada og Sverige, ein 10. plass i begge land.Canadian Singles ChartsDen svenske singellista

Salslister Vekeslister

Liste (1964)PlasseringKanadiske RPM Singles Chart1Tyskland38UK Singles Chart7US Billboard Hot 1001

Årslister

Liste (1964)PlasseringUS Billboard Hot 1005

Andre utgåver Knights i 1964 The Catalinas i 1964 The Surfriders i 1967 Langley Schools Music Project i 1977 Bakersfield Boogie Boys i 1980 Papa Doo Run Run på albumet California Project i 1985 Papa-O i 1994 Trygve Thue i 1994 Brian Wilson på konsertalbumet Live at the Roxy Theatre i 2001. John B. & The Surfin’ Safaris i 2002 Pennywise Red Hot Chili Peppers, på ein konsert i 2004

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Get Around» frå , den 28. august 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Brian Wilson Kategori:Songar skrivne av Mike Love Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Red Hot Chili Peppers-songar