mini|høgre|Amerikasaksenebb,Rynchops niger Vassfuglar er fuglar som i lengre eller kortare periodar er knytt til vatn eller våtmark.Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet hos Dokumentasjonsprosjektet dokpro.uio.no Såleis vil vassfuglar òg femne om fuglar som i somme tilfelle blir kalla våtmarksfuglar. Omgrepet vassfugl er mykje brukt i forvaltingaSøk etter dokument om vannfugl hos til dømes Direktoratet for naturforvaltning, men det finst få, om nokon, meir spesifikk definisjon av omgrepet på norsk språk, og dei som finst om det motsvarande omgrepet på engelsk språk, 'waterbird', er ofte mykje ulike og vilkårlege. Ein definisjon frå U.S. Geologigal Survey inkluderer fire hovudgrupper i omgrepet 'waterbird'. Desse er pelagiske sjøfuglar, kystbundne sjøfuglar, fuglar som vadar slik som hegrar, og andre fuglar knytt til ferskvatn og våtmark slik som lommar og dykkarar.http[://www.pwrc.usgs.gov/cwb/whatis/ Nettside hos U.S. Geologigal Survey] Wetlands International gjev eit meir spesifikt oversyn med eit globalt omfang, dei tar med kystbundne sjøfuglar, men utelet dei pelagiske sjøfuglane som pingvinar, joar, stormfuglar og alkefuglar. African-Aurasian Waterbird Agreement (Avtalen om vassfuglar i Europa under Bonnkonvensjonen om trekkande artar ) listar artar i avtalen, artslista følgjer i grove trekk den meir globale lista til Wetlands International __NOTOC__ Innanfor miljøvernarbeid og naturforvalting har vassfuglar fått merksemd fordi fuglane er sårbare ovanfor endringar i miljøet. Somme vassfuglar som òg er trekkfuglar møter vanskar under trekk når miljøendringar har innskrenka våtmarksområde som kvile og beiteplassar i trekkruta.Folloavis på nett, artikkel om natturreservata Rullestadtjern, Midtsjøvann og Nærevann, lese 3. september 2009 Vassfuglar med spesielle hekkehabitat som åkerrikse får redusert hekkeområde etter bruksomlegging i jordbruket.Artikkel om åkerrikse i Norsk Fugleatlas hos NOF sin nettstad, lese 3. september 2009 Eit mykje kjent miljøproblem er akutte overflateutslepp på vatn som skader fjørdrakta på sjøfugl og andre vassfuglar.Christensen-Dalsgaard S, et al (2008) Tverrsektoriell vurdering av konsekvenser for sjøfugl NINA rapport 338, side 5. henta 18. august 2012
Liste over familiar av vassfuglarWetlands International. 2006. Waterbird Population Estimates – Fourth Edition. Wetlands International, Wageningen, The Netherlands
Kjelder Thingstad, P. G. & Frengen, O. 2005 Restaureringsprosjekt Tautra: Del 1: Status vannfugler, NTNU Vitenskapsmuseet Zoologisk notat 2005-2, 1-32, lese 3. september 2009 Fotnotar
Bakgrunnsstoff Direktoratet for naturforvaltning, Vannfugler mest utsatt for blyforgiftning' nettartikkel 15. desember 2006, lese 3. september 2009 Norge tiltrer avtale om vern av trekkende vannfugl Pressemelding, miljøverndepartementet 10.06.2008 Boere. G.C., Galbraith, C.A. & Stroud, D.A. (eds). 2007. Waterbirds around the world. TSO Scotland Ltd., Edinburgh, UK. 940 pp
Kategori:Fuglar