Chitral er namnet på ein by, ein dal, ei elv og eit distrikt i Malakand Division i Den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og distriktet om lag 300 000. Fram til 1970 var Chitral ein fyrstestat.
mini|venstre|Chitraldalen. Chitraldalen grensar til fjellkjeda Hindukush i nord, og det høgaste fjellet, Tirich Mir (khowar Teric Mer) kan sjåast lengst nord. Elva Kunar renn gjennom dalen, og ein dyrkar kveite, bygg, mais, ris, valnøtt, aprikos og morbær i terrassar i dalsidene.
Språk Hovudspråket i Chitral er det dardiske språket khowar. Eit anna dardisk språk, kalasha, blir tala i eit sidedalføre til Chitral-dalen.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Chitral» frå , den 20. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Pakistan Kategori:Elvar i Pakistan Kategori:Dalar i Pakistan Kategori:Distrikt i Pakistan Kategori:Den nordvestlege grenseprovinsen