mini|Rosa moschata

Roseslekta (Rosa) er ei planteslekt i rosefamilien. Slekta har meir enn 100 artar og er naturleg utbreidd i Nord-Amerika, Europa, Asia og Nord-Afrika.

Blomstrane blir kalla roser og blir brukte til pynt, luktprodukt og til mat og drikke. Rosa har sterk kulturell tyding, både som vekst og symbol. Både Rose og Rosa kan også nyttast som namn både på menneske og dyr.

Både dei viltveksande artane og dei framdyrka kulturplantene er kjent for sine vakre blomstrar og duft. Det kan vere eviggrøne eller lauvfellande busker med opprett, overhengande eller klatrande vekstform. Stenglane har ofte borktornar. Blada er spreiddstilte og ulikefinna med ovale eller elliptiske småblad, som har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige og 5-tallige med kvite, gule, raude eller lyseraude kronblad. Fruktene er nyper med mange frø.

Namnet «rose» kjem frå fransk, som har fått det frå latin rosa. Her er det innlånt frå gresk rhodion (opphavleg wrodion), som kjem frå semittisk warda, 'rose'.Rose Bushes: About Rose BushesIranica.com: Gol

mini|Gul rose.

Nokre viltveksande roser i Noreg Brusknype (Rosa sherardii) Doggrose (Rosa glauca) - innført Eplerose (Rosa rubiginosa) Filtrose (Rosa balsamica) Håret mellomnype (Rosa subcollina) Kanelrose (Rosa majalis) Kjøttnype (Rosa dumalis) Kystrose (Rosa inodora) Lodnekjøttnype (Rosa caesia) Lodnesteinnype (Rosa corymbifera) Mellomnype (Rosa subcanina) Rynkerose (Rosa rugosa) - innført Steinnype (Rosa canina) Sørleg brusknype (Rosa pseudoscabriuscula) Trollnype (Rosa pimpinellifolia)

Namnet Rose Rose har norsk namnedag den 7. september.

Namneberarar Rosa Luxemburg (1871–1919), polsk-tysk revolusjonær politikar Rosa Parks (1913–2005), amerikansk borgerrettsforkjempar Rose Byrne (f. 1979), australsk skodespelar

Systematikk

Slekta Rosa er delt i i fire underslekter: Hulthemia (tidlegare Simplicifoliae, tyding 'med enkle blad') ein eller to artar frå Sørvest-Asia, R. persica og Rosa berberifolia som er dei einaste rosene utan samansette blad eller stipula. Hesperrhodos (frå gresk for 'vestleg rose') inneheld artane Rosa minutifolia og Rosa stellata, frå Nord-Amerika. Platyrhodon (frå gresk for 'flakete rose', referer til den flakete borken) med ein art frå Aust-Asia, Rosa roxburghii. Rosa (type subgenus) inneheld alle andre roser. Denne underslekta er inndelt i 11 seksjonar. Banksianae - kvite og gule blomstrande artar frå Kina. Bracteatae - tre artar, to frå Kina og ein frå India. Caninae - rosa og kvite blomstrande artar frå Asia, Europa og Nord-Afrika. Carolinae - kvite, rosa og mørkerosa blomstrande artar alle frå Nord-Amerika. Chinensis - kvite, rosa, gule, raude og blandafarga blomstrande artar frå Kina og Burma. Gallicanae - rosa til mørkeraude (crimson) og stripa blomstrande artar frå Vest-Asia og Europa. Gymnocarpae - ein art i vestlege Nord-Amerika (Rosa gymnocarpa), andre i Aust-Asia. Laevigatae - ein einskild kvitblomstrande art frå Kina Pimpinellifoliae - kvite, rosa, sterkt gule, lyslilla (mauve) og stripa blomstrande artar frå Asia og Europa. Rosa (syn. sect. Cinnamomeae) - kvite, rosa, bleiklilla, raudlilla (mulberry) og raude blomstrande artar frå alle område utanom Nord-Afrika. Synstylae - kvite, rosa og mørkeraude (crimson) blomstrande artar frå alle område.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Rosefamilien Kategori:Planteslekter