Shanhaiguan (Shanhai-passet) er eit av hovudpassa i Den kinesiske muren. Det ligg i dag i ein sektor av byen Qinhuangdao i Hebei-provinsen i Folkerepublikken Kina.
Det utgjer austenden av Den kinesiske muren frå Ming-dynastiet, og er eit populært turistmål. Shanhai-passet er om lag 300 km aust for Beijing.
mini|venstre|Den kinesiske muren møter havet
Her var i lange tider i historia den kinesiske forsvarsgrensa mot stammene i Mandsjuria (som khitanarane, jursjenarane og mandsjuane). Namn
Namnet «Shanhaiguan» () tyder bokstaveleg 'fjell- og havpasset'.
Porten gjennom muren blir kalla 'Den første porten under himmelen'. Staden der muren når ned til Stillehavet (i Bohai-bukta) har fått tilnamnet 'Hovudet til den gamle draken'.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Shanhai Pass» frå , den 16. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
How to Pronounce Shanhaiguan. easypronounce.com
Kategori:Den kinesiske muren Kategori:Hebei