Baden er eit område i den sørvestlege delen av det noverande Tyskland, og utgjer grovt sett den vestlege delen av den noverande delstaten Baden-Württemberg. Markgrevane av Baden var ei gammal fyrsteslekt med namn etter borga Hohenbaden i Baden-Baden. I løpet av mellomalderen og dei seinare århundra skaffa dei seg eit territorium mellom Schwarzwald og Rhinen og delte seg i fleire linjer, som vart samla til eitt markgrevskap i 1771.

Napoleon I samband med oppløysinga av det heilage tysk-romerske riket i 1806 gjorde Napoleon Baden til eit storhertugdømme, og Baden fekk tildelt så mange nye territorium at arealet femdobla seg. Baden vart deretter ein suveren stat, og etter den tyske revolusjonen i 1848 også ein av dei mest liberale blant dei tyske statane.

Det tyske keisardømet mini|venstre|Baden i tyske keisardømet. I 1871 vart Baden eitt av sambandslanda i det nye tyske keisardømet og grensa den gongen til rikslandet Elsass-Lothringen, kongeriket Bayern, storhertugdømmet Hessen-Darmstadt, kongeriket Württemberg, kongeriket Preussen (Hohenzollern) og Sveits. Hovudstaden var Karlsruhe.

1900-talet I 1918 vart Baden ein eigen republikk. I 1952 vart Baden slått saman med Württemberg-Baden og Württemberg-Hohenzollern og danna den nye staten Baden-Württemberg.

Anna Baden er i dag eit kulturelt omgrep og særleg Sør-Baden er kjent for det milde klimaet sitt og god vin. Det gamle stammeomgrepet alemannisk vert ofte brukt både som nemning for den badiske dialekten og om badiske særeigenskapar generelt. Den siste felles kronprinsessa i Sverige-Noreg, Viktoria, var ei badisk prinsesse. Badische Staatseisenbahnen bygde jarnbana frå Mannheim til Basel. Frå idéen kom i 1835 gjekk det 20 år før linja vart ferdig fram til Basel.

Kategori:Tidlegare land i Europa Kategori:Regionar i Tyskland Kategori:Baden-Württemberg