right|100px thumb thumb|Riksväg 61 utanfor Charlottenberg Riksväg 61 i Sverige går gjennom Värmland på strekninga Karlstad (europaveg 18) - Arvika - Charlottenberg - riksgrensa (Morokulien) til Noreg der den går over riksveg stamveg 2 i Noreg. Vegen er 109 km lang.
Vegen blir nytta til reiser til og frå stader langs vegen, men vegen er òg nytta til reiser frå Karlstad/Mälardalen til Noreg, til dømes Gardermoen flyplass og området nord om Oslo, eller omvendt.
Standard Standarden på vegen varierer. Mellom Karlstad og Fagerås (ved E45) har han høg standard med eit tal planskilde trafikkplassar og ein bit skilta som motortrafikled. Ein har til og med bygd midtdelar (2+1-väg) langs 11 km mellom Karlstad og Kil, som var klart i slutten av 2007. I nord er standarden dårlegare. Vegen går gjennom tettstaden Arvika.
Historie På 1950-talet vart vegen kalla länsväg 232. I 1962 fekk vegen namnet riksväg 61.
På 1980-talet vart strekket Karlstad-Kil bygd med ein bit som motortrafikled og resten nesten det.M-kartan 1985. Strekninga Kil-Fagerås vart bygd på slutten av 1990-talet.M vägatlas 1995. Vegen i trakten av Högboda vart bygd på 1950-talet.KAK bilatlas 1958 Forbi Brunskog og nord for Edane er vegen ombygd før 1940-talet, men i 2006 vart han bygd om til ein høgre standard.Generalstabskartan på lantmateriet.se Historiska kortorKAK bilatlas 1946 Eit strekke aust om Arvika vart bygd i starten av 1970-talet.M-kartan 1977 Vegen nordom Nysockensjön er frå starten av 1900-talet. Omkøyringa rundt Åmotfors vart bygd i perioden 2006-2007. Nord for Åmotfors har ein bit veg som vart bygd på 1950-talet. Resten er i same strekning som minst på 1940-talet.
Knutepunkt Värmlands län
Eda kommune Morokulien Eda glasbruk Charlottenberg Klockarmossen Åmotfors Arvika kommune Speke Agnetebergsleden, Arvika Säfflevägen, Arvika Brunskog Kil kommune Fagerås Kil Karlstad kommune Ilanda, felles trasé til Bergvik Henstad Karlstad-Bergvik
Kjelder
61 Kategori:Motortrafikleder Kategori:Vegar i Sverige