Ainab er ein by i Libanon i vestsida av fjella aust for Beirut og Middelhavet. Han ligg 750 meter over havet i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement.

Historie Kommunen vart skipa i 1910 og var ein av dei første i Aley distrikt.

Ainab var åstad for fleire kampar før og under den libanesiske borgarkrigen. I Libanonkrisa i 1958 kjempa drusarar under Kamal Jumblatt og den libanesiske staten om kontroll over landsbyen. Under den israelske invasjonen (den libanesiske krigen i 1982), gjekk det israelske forsvaret inn i og nær Ainab i kampane mellom drusarane sitt Progressiv sosialistparti og det kristne Kataeb-partiet. I mars 1989 vart ein skuleplass i byen råka av eit israelske luft-til-bakkemissil under bombeåtak mot ein base for Demokratisk front for frigjering av Palestina (DFLP) i Shemlan. Meldingar kom om at tre menneske mista livet og 22 skulebarn vart skadde, eller at to DFLP-soldatar vart drepne, ein sivil og 23 av 75 skuleelevar skadde. Seinare på året gjekk israelske fly igjen til åtak i eit hemnåtak for eit bombeåtak på Nord-Israel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ainab» frå , den 20. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ainab kommune

Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Aley distrikt