Surf's Up er eit studioalbum av The Beach Boys basert på songen med same namn av Brian Wilson og Van Dyke Parks frå det skrinlagde Beach Boys-prosjektet Smile. Songen vart omarbeidd og nytta som tittelspor på det fjortande studioalbumet deira frå 1971. Smile, med originalutgåva av «Surf's Up», vart omsider gjort ferdig og gjeve ut av Brian Wilson og bandet hans i 2004.
Historie Hausten 1970, etter det kommersielt mislukka albumet Sunflower, tilsette The Beach Boys Jack Rieley som manageren deira. Rieley, ein DJ, hadde imponert bandet på falskt grunnlag (han påstod han var ein prisvinnande byråsjef i NBC i Puerto Rico) og hadde idear om korleis bandet skulle få tilbake respekten hos både tilhengjarane og kritikarane. Det første initiativet hans var å insistere på at Carl Wilson tok den musikalske sjefsrolla, som han i røynda hadde hatt sidan 1967. I tillegg kravde han at Brian Wilson sjølv gjorde ferdig «Surf's Up» slik at dei kunne gje han ut. Songen hadde fått mytiske proporsjonar i undergrunnspressa etter at Smile vart lagt på hylla tre år tidlegare. Han fekk òg i stand ein gjesteopptreden på ein Grateful Dead-konsert i april 1971.
I følgje Riely i 1996 hadde bandet delt seg i to leirar. Wilson-brørne som no var i kunstnarisk tilbakegang med narkotikaproblem, og dei kommersielt retta Mike Love, Al Jardine og Bruce Johnston som var totalavholdsfolk. I følgje Riely måtte bandet slå leiarane saman igjen om dei skulle nå høgdene dei hadde på midten av 60-talet. For å klare dette gav han nærast ordre til Jardine om å stoppe arbeidet på songen «Loop de Loop» i lag med Bruce Wilson, som Jardine meinte ville føre bandet til dei gamle kommersielle høgdene.
Brian Wilson nekta først å delta på songen «Surf's Up», så Carl Wilson la vokal på eit akkompagnement til songen frå 1966. Mot slutten av innspelinga dukka likevel Brian Wilson opp for å hjelpe brørne med å gjere songen ferdig.
Albumet inneheld òg «'Til I Die». Ein grublande song som Mike Love meinte var for deprimerande og ikkje passande for bandet. Wilson brukte fleire veker på å arrangere songen med harmonidriven vokal, vibrafon og orgel.
«Long Promised Road» og «Feel Flows» var dei første skikkelege songane til Carl Wilson og begge var nesten berre spelt inn av han aleine. I følgje medlåtskrivar Riely var den jazzaktige «Feel Flows» inspirert av kokainmisbruket deira. «A Day in the Life of a Tree» var den einaste nye Brian Wilson-songen på albumet. Bruce Johnston sin «Disney Girls (1957)» vart hylla som eit meisterverk av Brian Wilson og har vorte spelt av Art Garfunkel og Mama Cass Elliot.
Surf's Up kom ut i august til meir offentleg forventning enn The Beach Boys hadde fått på fleire år. Albumet gjorde det betre enn Sunflower og nådde 29. plass i USA og 15. plass i Storbritannia.
Surf's Up finst i dag på CD i lag med Sunflower.
Innhald
Medverkande The Beach Boys Al Jardine – vokal, gitar on «Don't Go Near the Water» og «Lookin' at Tomorrow», banjo på «Lookin' at Tomorrow» Bruce Johnston – vokal Mike Love – vokal, tamburin på «Student Demonstration Time» Brian Wilson – vokal, tamburin på «Take a Load Off Your Feet», Baldwin-orgel og piano på «Feel Flows», harmonium på «A Day in the Life of a Tree», Hammondorgel på «'Til I Die» Carl Wilson – vokal, gitar, tamburin op «Don't Go Near the Water», klaverinstrument på «Long Promised Road», fuzzgitar på «Feel Flows» Dennis Wilson – vokal, trommer
Andre musikarar og teknisk personell The Beach Boys – produsent Stephen Desper – sjefslydteknikar og miksar, Moog synthesizer på «Feel Flows» og «'Til I Die» Daryl Dragon – gitar og Moog-synthesizer på «Don't Go Near the Water», bass på «Student Demonstration Time», pipeorgel på «A Day in the Life of a Tree», vibrafon på «'Til I Die» Van Dyke Parks – vokal på «A Day in the Life of a Tree» Jack Rieley – solovokal på «A Day on the Tree of a Life» og korvokal på «Surf's Up» Ed Thrasher – kunstnarisk leiar
Salslister Album ÅrListePlassering 1971 UK Top 40 Album Chart15 1971 US Billboard 200 Albums Chart29
Singlar i USA ÅrSingelListePlassering 1971 «Long Promised Road» US Billboard Hot 100 Singles Chart89
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Surf's Up (album)» frå , den 14. september 2009. oppgav desse kjeldene: Sunflower/Surf's Up CD-hefte, Timothy White, c.2000. "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994. "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991. "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002. "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002. Allmusic.com
Bakgrunnsstoff Tekstane til Surf's Up
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Progressive popalbum