mini|Eit trommetårn i ein dong-landsby i Zhaoxing, sør i Guizhou.

Guizhou () er ein provins i dei sørlege, midtre delane av Folkerepublikken Kina. Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Guiyang er hovudstad i provinsen.

Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.

Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.

Namn Området vart ei administrasjonseining under Tang-dynastiet, og fekk namnet Juzhou (矩州). Under det mongolsk-leia Yuan-dynastiet vart skriftteiknet 矩 (ju, 'tømmermannsvinkel') endra til 貴 (gui, 'verdifullt' eller 'dyrt').Wilkinson (2012), s. 233.

Geografi Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.

Klima Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.

Historie Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.

Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.

Guizhou vart formelt ein provins i 1413.Maygew, Bradley; Miller, Korina; English, Alex (2002). "Facts about South-West China - History". South-West China (2 utg.). Lonely Planet. s. 16–20, 24.

Etter nasjonale økonomiske reformar som byrja i 1978, vart Guizhou den fattigaste provinsen i landet.Hutchings, Graham (2003). "Guizhou Province". Modern China: A Guide to a Century of Change. Harvard University Press. s. 176–177.

Folkesetnad Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.

55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.

Økonomi Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer. Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.

Administrasjonseiningar Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:

Kart # Namn Hanzi (S) Pinyin Administrasjonssete450px— Byprefektur —2Zunyi遵义市Zūnyì ShìHonghuagang4Liupanshui六盘水市Liùpánshuǐ ShìZhongshan6Guiyang贵阳市Guìyáng ShìYunyan5Anshun安顺市Ānshùn ShìXixiu— Prefektur —1Bijie毕节地区Bìjíe DìqūBijie3Tongren铜仁地区Tóngrén DìqūTongren— Autonome prefektur —7Qianxinan for buyei og miao黔西南布依族苗族自治州Qiánxī'nán BùyīzúMiáozú ZìzhìzhōuXingyi i Guizhou8Qiannan for Buyei og miao黔南布依族苗族自治州Qiánnán BùyīzúMiáozú ZìzhìzhōuDuyun i Guizhou9Qiandongnan for miao og dong黔东南苗族侗族自治州Qiándōngnán MiáozúDòngzú ZìzhìzhōuKaili i Guizhou

Dei ni einingane er delt opp i 88 einingar på fylkesnivå (14 distrikt, 7 byfylke, 55 fylke, 11 sjølvstyrande fylke og 1 spesialdistrikt).

Styresmakter Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Sun Zhigang. Guvernøren er Shen Yiqin (2020).

Kjelder

Bibliografi

Denne artikkelen bygger på «Guizhou» frå , den 16. september 2009. Denne artikkelen bygger på «Guizhou» frå , den 12. mars 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Folkerepublikken Kina