Trond er eit norsk mannsnamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 21. september.

Namnet er danna av norrøne Þróndr, Þrándr, tilnamn med tydinga 'trøndar'. Desse er alle danna av verbet þróast, 'veksa, trivast'.

Andre skrivemåtar av namnet er Tron, Tronn, Thron og Thrond. Mannsnamnet Trand og kvinnenamnet Tronda er sjeldne namneformer.

Bruk Historisk utviklig av populariteten til namnet Trond i Noreg.

Trond er eit vanleg namn i Noreg, og er noko brukt i Sverige. Det finst som Tróndur på Færøyane og Þrándur på Island. Elles er det lite utbreidd i andre land.

Trond var melloma dei mest populære namna på nyfødde gutar i Noreg i frå rundt 1950 til 1980.

Namneberarar Trond Torleivsson Benkestok (1490–1558), norsk adelsmann Trond Botnen (1937–), norsk kunstnar Trond Kirkvaag (1946–2007), norsk komikar Tron Øgrim (1947–2007), norsk journalist, forfattar og politikar Trond Bakkevig (1948–), norsk prest Trond-Viggo Torgersen (1952–), norsk artist, lege og tidlegare barneombod Trond Waage (1953–), norsk tidlegare barneombod Trond Brænne (1953–), norsk skodespelar og forfattar Trond Buland (1958–), norsk forfattar og sosiolog Trond Sollied (1959–), norsk fotballtrenar Trond Helleland (1962–), norsk politikar (H) Trond Henriksen (1964–), norsk fotballtrenar Trond Giske (1966–), norsk politikar og statsråd Trond Einar Elden (1970–), norsk kombinert- og langrennsløpar Trond Espen Seim (1971–), norsk skodespelar Trond Fausa Aurvåg (1971–), norsk skodespelar Trond Are Anti (1973–), norsk sametingsrepresentant Trond Lode (1974–), norsk politikar Trond Andersen (1975–), norsk fotballspelar Trond Martin Sæterhaug (1978–), norsk politikar (SV) Trond Birkedal (1980–), norsk FrP-politikar Trond Fredrik Ludvigsen (1982–), norsk fotballspelar

Annan bruk Idrettslaget Trond «Tron» var pseudonymet til hackaren Boris Floricic (1972–1998) Tron er ein film frå 1982 og 2010.

Sjå òg Trondheim Trondenes i Harstad kommune

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trond» frå , den 20. september 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til folkegrupper