Láilá Susanne Vars () er ein norsk jurist og samisk politikar. Ho var partileiar i Árja frå 2008 til 2012 og var sametingsrepresentant frå Ávjovárri valkrins i perioden 2009-2013.Åse Pulk og Marit Elin Kemi: «Størst i den største kretsen» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 15. september 2009 Ho var då visepresident i Sametinget og medlem av Sametingsrådet. Vars blei vald inn igjen til Sametinget for perioden 2013-2017, men gav melding om at ho trekte seg frå politikken i 2016. I august 2019 byrja ho som rektor ved Samisk høgskole. Bakgrunn mini|venstre|Láilá Susanne Vars på Sametinget i 2011.

Vars er frå Láhpoluoppal i Kautokeino kommune. Ho er utdanna cand. jur. og har graden Ph.D. i rettsvitskap frå Universitetet i Tromsø.Presentasjon av Láilá Susanne Vars på nettstaden til NRK Sámi Radio Doktorgraden handla om samisk sjølvbestemming.

Virke Ho var direktør ved Gáldu - Kompetansesenteret for urfolks rettigheter fram til 1. januar 2017, då dette blei del av Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og Vars blei fagdirektør her. Stillinga gav ho ei rolle med å overvåka rettane til urfolk, noko som omfatta Sametinget, og dette gjorde at ho måtte trekka seg frå den samiske politikken.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Kautokeino Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Rektorar ved Samisk høgskole