mini|Politikaren Kåre Willoch, på 1980-talet omtala berre med førenamn som del av «Gro og Kåre». Kåre er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 22. september, saman med Kyrre.
Det norrøne Kári var eit tilnamn danna av adjektivet kárr, som betyr ‘med krøllete hår’. Kári finst enno som islandsk og færøysk namn.
Bruk Historisk utviklig av populariteten til namna Kåre og Kaare i Noreg.
Kåre er eit vanleg namn i Noreg, medan Kári er vanleg på Færøyane og Island.
Namnet er kjend éin enkelt gong som personnamn i Noreg på 800-talet. Etter dette blei det først vanleg som førenamn på 1900-talet. Kåre var blant dei mest brukte gutenamna mellom rundt 1910 og 1950.
Namneberarar Kaare Fostervoll (1891-1981), norsk politikar og kringkastingssjef Kaare Espolin Johnson (1907-1994), norsk biletkunstnar Kåre Holt (1916-1997), norsk forfattar Kåre Kristiansen (1920-2005), norsk politikar (KrF) Kåre Willoch (f. 1928), norsk politikar (H) Kåre Rønning (1929-1990), norsk politikar (Sp) Kåre Lunden (f. 1930), norsk historieprofessor Kaare Ørnung (f. 1931), norsk pianist Kåre Kivijärvi (1938-1991), norsk fotograf Kaare Aksnes (f. 1938), norsk astronom Kaare Høeg (f. 1938), norsk geologiprofessor Kåre Valebrokk (f. 1940), norsk pressemann og kringkastingsdirektør Kåre J. Smith (f. 1944), verdsleiar for Smiths venner Kåre Jostein Simonsen (f. 1948), norsk trekkspelar Kåre Lilleholt (f. 1952), norsk jusprofessor Kåre Nordstoga (f. 1954), norsk organist Kåre Simensen (f. 1955), norsk politikar (Ap) Kåre Hansen (f. 1957), norsk historikar Kåre Ingebrigtsen (f. 1965), norsk fotballspelar Kaare Dyvik Husby (f. 1969), norsk komponist Kåre Conradi (f. 1972), norsk skodespelar Kåre Erik Pedersen (f. 1975), norsk trommeslagar kjend frå Kåre and the Cavemen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kåre» frå , den 21. september 2009.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til eigenskapar Kategori:Kallenamn