Vigrestad er ein tettstad i Hå kommune på Jæren. Kring Vigrestad er det mykje landbruk. I tettstaden er det noko industri. Vigrestad er ein skulestad med barneskule og storskule.

Vigrestad er ein stasjon på jarnbanen Jærbanen. Det har vore togstasjon på Vigrestad frå 1878, då Jærbanen opna. I starten voks tettstaden fram kring togstasjonen. Toget mellom Oslo og Stavanger på Sørlandsbanen køyrer forbi Vigrestad, men stoggar ikkje der. Vigrestad stasjon ligg 49,22 kilometer frå Stavanger og 549,75 kilometer frå Oslo langs Sørlandsbanen. Stasjonen ligg 32,6 meter over havet.

Kjente personar frå Vigrestad Monica Sandve, handballspelar Enevald Flåten, predikant Vidar Nisja, fotballspelar Frank Tore Aniksdal, realitydeltakar

Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Geografi i Hå