Lloyd er eit namn av walisisk opphav. Det er eit vanleg walisisk etternamn, men er også blitt brukt som førenamn og i ulike andre samanhengar.
Ordet kjem frå walisisk llwyd eller clwyd, som kan tyda 'grå' eller 'brun'.
Dei to L-ane står for ein særskild walisisk lyd, ein ustemd alveolar lateral frikativ. Ein har også stava denne lyden fl, og namnet Floyd kan dermed vera i slekt med Lloyd.
Namneberarar Førenamn Lloyd Bridges (1913-1998), amerikansk skodespelar Lloyd Cole (f. 1961), britisk musikar
Etternamn David Lloyd George (1863–1945), britisk politikar og statsminister Frank Lloyd Wright (1867–1959), amerikansk arkitekt Andrew Lloyd Webber (f. 1948), britisk komponist
Bilmerke Lloyd cars Hansa-Lloyd (eit tidlegare tysk bil- og traktormerke)
Skipsfart Lloyd's Register of Shipping) (eit britisk skipsklassifiseringsselskap) Lloyd's List (ei britisk vekeavis for skipsfrakt) Norddeutscher Lloyd (eit tidlegare tysk skipsreiar)
Luftfart Lloyd Aéreo Boliviano (eit boliviansk flyselskap)
Finans Lloyd's of London (eit britisk forsikringsselskap) Lloyds Bank (ein tidlegare britisk bank)
Kategori:Førenamn av keltisk opphav Kategori:Namn knytte til fargar Kategori:Walisiske namn