Kristofer Didrik Lehmkuhl ()Kristofer Lehmkuhl frå Norsk biografisk leksikon var ein norsk forretningsmann og politikar. Han sat på Stortinget 1904-1906 og var arbeidsminister i Christian Michelsen si regjering frå 11. mars 1905 til 28. september 1907. I perioden 1908 til 1936 var han direktør for Det Bergenske Dampskibsselskab.
Han har fått seglskuta «Statsraad Lehmkuhl» oppkalla etter seg.
Lehmkuhl var ein av dei ivrigaste forkjemparane for opprettinga av Norges Handelshøyskole, og det står ein statue av han ved NHH laga av Ørnulf Bast.
Han var gift med Magdalene Marie Michelsen, søster av Christian Michelsen, og var far til Joakim Lehmkuhl.
Utmerkingar Lehmkuhl vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1894 og fekk kommandørkrossen av 2. klasse i 1899, av 1. klasse 1907 og storkrossen i 1935. Av andre utmerkingar kan nemnast 7. juni-medaljen, Kroningsmedaljen i gull og Dannebrogordenen.
Kjelder
Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Høgrepolitikarar i Hordaland Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Forretningsfolk frå Bergen Kategori:Det Bergenske Dampskibsselskab