Ailefroide (3954 m) er eit fjell i Massif des Écrins i franske Alpane, og er den tredje høgste toppen i Dauphiné-Alpane. Barre des Écrins og La Meije er begge høgre. Fjellet ligg ved sørenden av Mont Pelvoux–Pic Sans Nom–Ailefroide-egga.
Fjellet har tre toppar: L'Ailefroide Occidentale (3954 m): Fyrst klatra av W.A.B. Coolidge, Christian Almer og Ulrich Almer, den 7. juli 1870 L'Ailefroide Centrale (3928 m): Fyrst klatra av Auguste Reynier, Pierre Gaspard, Christophe Clot og Joseph Turc, den 8. august 1889 L'Ailefroide Orientale (3848 m): Fyrst klatra av J. Nérot, Emile Pic og Giraud-Lézin, den 25. august 1880 Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ailefroide» frå , den 4. oktober 2009.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike