Vierwaldstättersjøen (tysk Vierwaldstättersee) eller Luzernsjøen er ein innsjø i Sveits. Innsjøen har fått namnet sitt fordi fire ulike kantonar, dei såkalla skogskantonane, ligg ved breiddene av han. Dei fire kantonane er Uri, Unterwalden, Schwyz og Luzern. Innsjøen er den fjerde største i landet.

Innsjøen vart danna av Reussgletcher mot slutten av siste istida, for kring 12 000 år sidan. Frå Gotthard-massivet flyt elva Reuss mot innsjøen og fører med seg store mengder grus og silt. Elvedeltaet har sidan istida flytta seg 10 km mot nord ut i fjordarma Urnersee. Han har eit areal på 114 km² og ligg 434 moh. Den største djupna er 214 meter og volumet er 11,8 km³. Mykje av breidda stig bratt opp til fjell opp til 1500 meter over havet kring innsjøen.

Innsjøen er ein populær turistdestinasjon og det går ein kronglete veg kring innsjøen. Mange dampbåtar går mellom dei forskjellige byane ved innsjøen. I tillegg ligg enga Rütli, som er den tradisjonelle staden der ein reknar at Sveits vart grunnlagd, på søraustsida av innsjøen.

Geografi Mange av dei eldste busetnadane i Sveits ligg langs innsjøen, som Küssnacht, Weggis, Vitznau, Gersau, Brunnen, Altdorf, Buochs og Treib.

mini|venstre|Frå Rigi mot Luzern

Busetnader venstre|mini|Dampskip på innsjøen Vestsida¹Austsida Seedorf i Uri Bauen Seelisberg Rütli Treib i Uri Beckenried i Nidwalden Buochs Ennetbürgen Bürgenstock Stansstad Hergiswil i Nidwalden Kastanienbaum i Luzern St. Niklausen Flüelen i Uri Sisikon i Uri Brunnen i Schwyz Gersau i Schwyz Vitznau i Luzern Weggis Hertenstein Greppen i Luzern Küssnacht i Schwyz Merlischachen i Schwyz Meggen i LuzernLuzern ¹ Ved utløpet til Reuss: den vestlege, seinare sørlege breidda.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Lucerne» frå , den 3. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Lake Lucerne Region

Lucerne Kategori:Geografi i Uri Kategori:Geografi i Schwyz Kategori:Geografi i Luzern